Ungdom inntek Stortinget
Ungdom frå heile landet diskuterer spørsmål knytta til ungdom og demokrati.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ungdomens storting blir arrangert tysdag på Stortinget. Måndag samlast ungdomane på Stortinget der dei får jobba med forslaga dei ønskjer å fremja. Tysdag er det debatt med statsrådar og stortingsrepresentantar.
– I dag har me møtt i Lagtingssalen i Stortinget. Og me har arbeidd i komitear. Det viktigaste spørsmålet me har diskutert er korleis eit nasjonalt medverknadsorgan for ungdom skal organiserast i framtida, seier avtroppande leiar i Nasjonal ungdomspanel, Vetle Wang Soleim.
I kveld er det venta at ungdomsrepresentantane vil velja eit nytt Nasjonalt ungdomspanel. Det første Nasjonal ungdomspanel blei valt av historias første Ungdommens nasjonalforsamling i 2010.
Les fleire saker om Ungdommens storting her!
Ungdom bestemmer
Stortingets presidentskap har bestemt at Stortinget skal ha eit ungdomsparlament som eit årleg arrangement. Ungdomens storting 2012 er meint å leggja grunnen for arrangementene i dei komande åra. Derfor er det overordna tema for debatten «Ungdom, medverknad og demokrati».
– Det er viktig å involvera unge i saker som har med dei å gjera. Difor har me invitert to unge fra kvart fylke til Ungdomens storting. Me ser fram til å lytta til kva ungdomane har å seia, og til å diskutera saker dei er opptatt av. Me håpar også å få innspel til det vidare arbeidet med å utvikla eit ungdomsparlament. Eit viktig prinsipp er likevel at dei unge sjølv skal bestemma kva slags saker som skal takast opp, seier stortingspresident Dag Terje Andersen i ei pressemelding.
Stortingspresidententen gler seg
Etter slutten på samlinga vil forslag og innspel frå dei unge deltakarane samanfattast i ei erklæring. Denne vil så bli overlevert presidentskapen i Stortinget.
LES OGSÅ: Brit til Ungdomens storting
– Ungdomane som deltek i år har erfaring fra kommunale og regionale medverknadsorgan, der desse finst. Dei sit med mykje kompetanse om ungdom og demokrati. Eg gler meg til å høyra kva dei har å fortelja, seier Andersen.
Debatten vil bli overført på nett-tv!