Tvillingsjeler

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Me skriv knapt brev lenger. Det er ikkje lenger dyrt å ringje før klokka 17, og me reiser på kryss og tvers av landet fleire gonger i året. Dei få breva som blir sende, er stort sett jolehelsingar til gamle vener. E-posten tok heilt knekken på denne tradisjonen. Dei fyrste elektroniske breva ein skreiv, var like lange som dei fysiske breva ein hadde skrive før. Men så vart breva kortare, og til slutt fekk bodskapen plass i ein SMS.

På 1800-talet var det annleis. Romantikken hadde spreidd seg ut over Europa, og kombinasjonen av kjensler og fornuft fekk fram ei utruleg evne og lyst til å uttrykkje seg gjennom fantastiske brev. Det vart ikkje spara på korkje mengd, lengd eller innhald. For biografar som Jan Olav Gatland er desse breva ei gullgruve. Her er det råd å finne spor av både dei inste kjenslene og dei ytre tilhøva hjå meir eller mindre kjende personar.

LES OGSÅ: Rørande vakkert om venskap

Romantiske formuleringar
Gatland har vore gjennom mange slike brevbunkar. På eit tidspunkt såg han ein eigen sjanger vekse fram: romantiske brev frå ein ven av same kjønn. Brev som vitnar om eit nært band mellom skrivar og mottakar, og med formuleringar som kunne få den mest liberale av oss til å raudne. I eit forsøk på å skildre slike nære venskapar, har han skrive boka Romantiske vennskap. Sjelevenner i norsk kultur. Harriet Backer og Kitty Kielland er eitt av døma. Av dei andre fjorten samkjønna venepara kan vi nemne Bjørnstjerne Bjørnson og Clemens Petersen, Synnøve Finden og Pernille Holmen, Edvard Grieg og Frants Beyer.

– På 1800-talet var det ikkje uvanleg å ha nære romantiske venskapar med personar av same kjønn, utan at nokon stilte spørsmålsteikn ved det, fortel Gatland.

– Eg lèt meg fasinere av desse tette venskapane, som kjem til uttrykk i veldig romantiske formuleringsformer. I all hovudsak er det menn som skriv desse breva, då kvinnene ofte budde i lag. Men desse kvinnene skriv også brev når dei t.d. er på reise.

LES OGSÅ: – Ekstremt å vera ungdom

Meir enn vener?
– Når ein les utdraga frå breva, så er det fort å få ein mistanke om at det dreier seg om meir enn berre venskap.

– Ja, i dag ville me truleg ha mistenkt dei for å vere homofile. Men me må lese dei ut frå tida dei er skrivne i. Dette kjem til uttrykk i brev og andre skriftlege kjelder eg har funne. Me veit jo lite og inkje om kva som gjekk føre seg i heimane. Men desse breva vitnar om veldige kjensler, og det kan stundom verke som det er rett fram kjærleik mellom partane. Utan at det skal bety ei seksuell interesse.

– Når veit me då at det bikkar over?

– Det er uråd å vite. Dette er jo ei tid då det ikkje var noko medvit om slikt. Om to damer valde å bu i lag, så fekk dei gjere det. Det var lite spekulering om dei hadde eit nærare samliv enn at dei budde under same tak. For det kunne vere praktiske årsaker til det, og eit aktivt val. Kitty Kielland og Harriet Backer var fullt medvitne om at eit giftarmål ville kunne medføre slutten på deira kunstnarlege karrierar. Men dette gjeld jo kvinnene. Mennene eg skriv om, er ofte gifte og har kone og familie, seier Gatland.

Målet med boka hans er ikkje å løfte på dyner og leite i skap. Gatland skriv i boka om at «dei nære forholda fortel òg korleis personane har funne inspirasjon og kraft i vennskapet og utvikla seg ved hjelp av den andre».

– Det er interessant å sjå kor sterke desse venskapane var og korleis det styrkte den kunstnarlege personlegdomen. Venskapen har òg ein annan funksjon. Det var viktig, særleg for kunstnarane, å ha nokon å vere trygg på, som kunne vere ei støtte i motgang, som ein kunne stole på. Å ha nokon som forstod. Som kunne vere hoggestabbe og samtalepartnar.    

Tidstypisk

– Det er ei slagside mot 1800-talet i denne boka? Finst det ikkje døme på dette både tidlegare og seinare?

– Det gjer det sjølvsagt. Kriteriet var at det skulle vere litt kjende folk som hadde markert seg i norsk kulturliv. Eg ville gjerne gå så langt attende som råd, men var samstundes avhengig av kjeldematerialet, brev og dagbøker og slikt. Dei eldste eg har teke med er Conrad Schwach og Maurits Hansen. Eg har teke med nokre venskapar frå 1900-talet, men det er lettast å finne denne typen venskap på 1800-talet. Mot slutten av 1800-talet aukar medvitet om homofili, og det var lettare å bli mistenkt for at dei nære venskapane faktisk var noko meir. Kan hende var dette eit tidsfenomen. Det er så mange ting som har utvikla seg, at no opplever ein dette som eit fenomen som er passé. I dag er det knapt råd å snakke om sjelevener og søskensjel utan å bli oppfatta som ein del av alternative og nyreligiøse miljø.

– For ord og omgrep er sentrale her. «Romantiske vennskap» får i alle fall meg til å tenkje at venskapen var noko meir.

– Tittelen er meint å peike mot ein historisk periode, men eg ser at nokon kan leggje noko meir i det. Likevel: er det kjærlege kjensler ute og går, så er det romantikk. Kjærleik treng ikkje ha noko med seksualitet å gjere. Det er ein utruleg språkbruk vi ser, og sett frå vår ståstad, så blir det ei gråsone.

Minibiografiar

– Boka er også ei rad minibiografiar?

– Ja, og det var ei utfordring. Eg har villa skildre korleis liva til to personar er kopla saman, og at dette skulle dokumenterast. Det finst heile biografiar om nokre av dei eg skriv om, men eg hadde berre plass til ein liten del. Eg kunne berre ta med ørlite om oppveksten og heller gå rett på det kunstnarlege livet. Samstundes skulle desse små biografiane koplast i hop, og det skulle vere ei viss likevekt.

– Korleis løyste du det?

– Det har ikkje vore lett. I tillegg kjem problemet med kor mykje ein skal ta med av samtida, det vere seg særlege samfunnsendringar eller kunstnarlege retningar i tida, kor mykje skal du forlange at lesarane veit. Men svaret ligg i utgangspunktet. Eg har trekt ut eit aspekt i livet hjå desse menneska, i staden for å plassere dei inn i ein periode eller ei retning. Såleis har eg leita etter døme og hendingar som kan nyttast i denne samanhengen.

LES OGSÅ: –Ei skildring av det norske overflodssamfunnet


Faktaboks

Jan Olav Gatland

Forfattar og bibliotekar

Har skrive ei rad bøker, mellom anna biografiar om Åsmund Sveen, Rolv Thesen, Ola Raknes og Olav Dalgard.

Aktuell med boka Romantiske vennskap. Sjelevenner i norsk kultur.