To stipendiatar = fem høns?

Kva ligg eigentleg bak overskrifta «Doktorgradskandidatar kjent med forskingsjuks»? spør forskingsjournalist Åsmund H. Eikenes.

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hausten 2015 fekk stipendiatar ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo utlevert eit spørjeskjema på eit introduksjonskurs.

Målet med undersøkinga var å undersøke kunnskap, handlingar og haldningar knytt til forskingsjuks, og samanlikne dette med tidlegare studiar. Av dei totalt 98 stipendiatane som fekk utdelt skjemaet, svarte 77 personar.

Forenkla forskingsjuks
I dag vart konklusjonane frå studien publisert i Tidsskriftet for den norske legeforeningen. Hovudbodskapen vert oppsummert slik:«Doktorgradskandidatar ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo kjenner til forskingsfusk både generelt og frå eiga avdeling.»

(Dette er det første av i alt fire punkt.)

Slik innleier Norsk Telegrambyrå/Nynorsk pressekontor (NTB-NPK) saka:

Ei anonym spørjeundersøking blant doktorgradskandidatar ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo viser at fleire kjenner til forskingsjuks i eige miljø. I undersøkinga svarer éin av fire at dei har høyrt om alvorlege former for vitskapeleg uærlegdom det siste året. Rundt 4 prosent visste om ulike former av dette frå eiga avdeling i same periode.

I tittelen til NTB, også brukt av forskning.no, blir «rundt 4 prosent» generalisert til: «Doktorgradskandidater kjent med forskingsjuks». Kva data ligg bak desse forenklingane?

LES OGSÅ: Danser for å forklara doktorgrad

Kjenner du nokon?
Spørsmålet stipendiatane svarte på starta slik: Kjenner du nokon ved dine eigen avdeling som i løpet av dei siste 12 månader har …. Eitt spørsmål for kvart av alternativa fabrikkering, falsifisering, plagiering og annan misvisande presentasjon av forskingsdata.

2 personar svarte at dei kjente personar som hadde fabrikkert data. 1 person svarte at han/ho kjente personar som hadde falsifisert data, medan 3 personar svarte at dei kjente nokon som hadde plagiert data.

Slik datamaterialet er presentert, er det uklårt om det er dei same personane som har svart ja på desse spørsmåla (totalt 6 personar som kjenner andre personar som juksar). Det er også mogleg at dei kjenner til same personen (alle 6 kjenner 1 person som juksar mykje).

10 prosent svarte også at dei kjente nokon som hadde presentert data på ein annan misvisande måte. Korleis har stipendiatane definert «annan misvisande måte»? Og er dette dei same personane som i spørsmålet ovanfor? Desse alternativa er verken opplyst om eller tolka i artikkelen.

LES OGSÅ: Flest utvist for juks på Universitetet i Oslo

Truverde til forskinga
«Å definere og måle vitskapleg uredelegheit kan vere vanskeleg…» skriv artikkelforfattarane.

Formidling av resultat frå spørjeskjema med eit fåtal respondentar er heller ikkje enkelt.

– Det farlegaste er ein potensiell tvil om den generelle truverda til forskinga og skepsis til forskingsbasert kunnskap i det store og heile, seier direktør for Kunnskapssenteret i Folkehelseinstituttet Magne Nylenna i ein kommentar i pressemeldinga.

Sitatet er også passande til formidlinga av desse forskingsresultata.

Konklusjon:

●     Ver kritisk til generalisering i titlar

●     Ver kritisk til små prosentar, særleg når totalen er liten

●     Still spørsmål (korleis veit forskarane dette?)

(Ikkje alle stipendiatane svarte på alle spørsmåla, så prosenttala gir ikkje alltid heile tal på personar når totalen er sett til 77. Vi har runda ned til næraste heile person.)

Faktaboks

Av dei 77 stipendiatane hadde berre 48% teke grunnutdanninga si i Noreg, 58% arbeida innan klinisk forsking, og 74% hadde under eitt års forskarerfaring.

I alle spørsmåla knytt til forskingsjuks, vart stipendiatane bedt om å svare med utgangspunkt i siste 12 månader.

Ingen (0%) oppgir å ha fabrikkert, falsifisert, plagiert eller presentert data på ein annan misvisande måte.

1 person (1,4%) oppgir å ha plagiert publikasjonar.

Ingen hadde kjent seg pressa til å fabrikkere, falsifisere eller plagiere data.

2 personar (2,7%) oppga at dei hadde kjent seg pressa til å presentere data på ein annan misvisande måte.

Lenke til artikkelen