To av ti kvinner blir sjikanert i jobbfylla
Kvar femte kvinne har opplevd seksuell trakassering frå fulle kollegaer på jobbfest, ifølgje ei undersøking som TNS Gallup har utført for rusfeltets samarbeidsorganisasjon Actis.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvar femte kvinne har opplevd seksuell trakassering frå fulle kollegaer på jobbfest, ifølgje ei undersøking som TNS Gallup har utført for rusfeltets samarbeidsorganisasjon Actis.
Undersøkinga viser at 11 prosent av alle spurde har opplevd uønskt seksuell merksemd i samband med alkoholbruk i jobbrelaterte situasjonar. 5 prosent av desse er menn og 18 prosent er kvinner.
I tillegg svarer 7 prosent at dei har opplevd utryggleik, trugslar, trakassering eller vald på jobbarrangement, skriv Dagsavisen.
– Dette bør gi grunn for uro og vi meiner arbeidslivet må ta meir på alvor dei utfordringane som ligg i alkoholbruk, seier Actis' generalsekretær Mina Gerhardsen.
LES OGSÅ: Fleire unge anonyme alkoholikere
Sender ei oppfordring til arbeidstakarorganisasjonane
Ho synest delen som blir trakkasert i alkoholrelaterte jobbsituasjonar er høg.
– Ein ting er kva du kan forvente å oppleve i drosjekøen etter ein bytur laurdag kveld, men her snakkar vi om situasjonar der du er saman med kollegaer. På jobben skal du vere trygg, seier Gerhardsen.
Ho oppfordrar NHO, LO og dei andre store arbeidstakarorganisasjonane til å gjere meir for å halde orden i eigne rekkjer. Ho ønsker også klare retningslinjer for der og når det er akseptabelt å drikke alkohol på arbeidsplassen.
Både NHO og LO svarer at bruk av rusmiddel i jobbsituasjonar er problematisk, men begge meiner dei tar problemet på alvor. (©NPK)