Titusenvis av elevar blir mobba

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag vart den nyaste Elevundersøkinga lagt fram. I undersøkinga er spørsmåla om krenkingar erstatta med spørsmål om mobbing.

Om lag 432 000 elevar frå 5. trinn til vidaregåande svarte på spørsmåla.

Vert ikkje fanga opp
Av desse svarar 6,3 prosent, eller nærare 30 000 elevar, at dei vert mobba av anten medelevar, vaksne på skulen eller digitalt av medelevar. Berre 0,8 prosent svarar at dei har mobba sjølv.

4,6 prosent vert mobba av medelevar  to til tre gongar i månaden eller oftare. Av desse svarte to av fem at vaksne ikkje visste om mobbinga.

– Det er svært alvorlig at born blir mobba utan at det blir fanga opp. Dei vaksne på skulen og i barnehagen må bli flinkare til å oppdaga mobbing, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til VG.no.

16 prosent av dei som opplevde mobbing svarar at skulen visste om mobbinga, men ikkje gjorde noko.

Det tykkjer direktør i Utdanningsdirektoratet, Hege Nilssen, er alvorleg.

– Elevar skal bli tatt på alvor når dei seier frå om mobbing. Dei som jobbar i skulen må ha kunnskap om korleis ein avdekkjer og stoppar mobbing, og følgjer opp elevane og miljøet. Vi har fleire tilbod til skulane for å styrkje denne viktige kompetansen, seier ho i ei pressemelding.

Eit slikt tiltak er Læringsmiljøprosjektet, som tilbyr rettleiing til kommunar og skular som slit med mobbeproblematikk.

Vaksne som mobbar
Nesten 70 prosent av elevane som blir mobba ofte, fortel at dei blir kalla stygge ting og erta på ein sårande måte. 46 prosent blir haldne utanfor og baksnakka, medan 23 prosent opplever fysisk mobbing.

Jenter opplever meir indirekte mobbing ved å bli fryst ut og baksnakka, medan  gutar opplever meir direkte fysisk mobbing.

1,9 prosent svarar at dei jamleg blir mobba digitalt og 1,8 prosent svarar at dei jamleg blir mobba av vaksne.  

– Når dei som skal være bornas rollemodellar mobbar, kan det vere med på å legitimere elevmobbing. Det kan også øydeleggje elevane sin tillit til skulen og gjere at dei ikkje føler seg trygge nok til å seie frå. Skulen må gjere det klart at all mobbing er uakseptabel, også frå vaksne på skulen, seier Hege Nilssen.