Til kamp for det gode språket

Som den første språksjefen i NRK vil Ragnhild Bjørge kjempe for både dialektar og nynorsk. Og for språkglede og engasjement, så klart!

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eigentleg var den nye språksjefen på ferie, då NRK sleppte nyhenda om deira nye tilsetting. Likevel stilte Bjørge sprekt opp på intervju, og Framtida.no ringde Europa rundt til ein vindfull gamleby i aust, der vi fekk vi ein særdeles entusiastisk Bjørge på tråden. Då fekk vi òg sjansen til å finne ut nett kva det er den nye språksjefen tenkjer om den nye jobben sin, dialektar, nynorsk og NRK.

Ny språksjef, ny politikk
Først av alt: Gratulerer med ny jobb! Kan du fortelje kva stillinga som Språksjef i NRK eigentleg går ut på?

– Det er jo ei heilt ny stilling, det er ingen som har hatt denne jobben før, så først vert det viktig å setje nokre mål saman med språkstyret i NRK. Stillinga er ei prosjektstilling som går over tre år, så då vert det viktig å prioritere kva som skal vere i fokus. Vi kjem rett og slett til å meisle ut framtidas språkpolitikk for NRK.

Bjørge forklarar at språkstyret i NRK er sett saman av både sjefar og journalistar, som alle er med å avgjere måla for korleis språket skal vere i statskanalen.

­­­– Sånn konkret vert det å finne ut kva tiltak NRK treng på lengre sikt, og til dømes å lage og halde kurs om det som trengst. Elles vert det å frå dag til dag svare på spørsmål som er viktige, som til dømes om korleis vi bøyer verb eller uttalar namn: Vi skal helst gjere det både rett, og mest mogleg likt, i heile NRK, forklarar Bjørge, og gjev oss eit døme.

LES OGSÅ: Vil vere ei stemme for dei stemmelause

– Korleis skal vi uttale namnet Fukushima, namnet på det japanske kraftverket som vart råka av jordskjelv og tsunami? Fukuuuushima? Fukushiiiiiima? Det er sånne ting ein språksjef gjerne må finne ut av, seier ho engasjert og demonstrerer eit vell av vis å uttale det japanske namnet på.

Dokamp mot «i forhold til»
Sjølv om ho er den første språksjefen i NRK, vil Bjørge likevel ikkje vere åleine i kampen om det gode språket. Ho kjem nemleg til å samarbeide teitt med språkkontaktane i kanalen. Bjørge forklarer:

– Alle plassar i NRK finst det ein person med særskilt ansvar for språket. Dette er ein språkkontakt. Det finst ein i kvar distriktsredaksjon, og så finst det gjerne fleire i dei store redaksjonane. I dagsnytt har vi til dømes to: Ein for bokmål og ein for nynorsk.

Når språkkontaktane arbeider for eit betre språk, tek dei i bruk mange format og teknikkar.

– I dagsnytt hadde vi til dømes ein plakatkampanje mot flosklar. På do. Der arbeidde vi mellom anna med å få ned bruken av «i forhold til»: Eit uttrykk vi berre skal bruke i høve med samanlikningar, og altså ikkje når ein snakkar om noko.

I kampen for betre språk tek altså statskanalen i bruk både alle rom og alle pausar. Ikkje ein gong på do får ein fri frå språkarbeidet!

Godt språk, kva er det?
Som bringer oss vidare til neste punkt: Det er jo freistande å spørje den nye språksjefen om nett kva ho meiner er godt språk?

– Godt språk varierer jo frå sjanger til sjanger. I ei skjønnlitterær bok tenkjer eg at godt språk er eit språk som får meg til å leve meg inn i handlinga, eit språk som forsterkar historia. Godt journalistisk språk skal òg forsterke historia, det må gli lett, gje gode bilete og kunnskap, og det må ikkje ha uforståelege ord som ikkje vert forklart. Godt språk er eit språk du ikkje legger merke til – eller om du legger merke til det, så gjer det deg glad! seier ho.

– Men i nyhendesaker det er jo saka som er det viktigaste – lesaren og lyttaren skal først og fremst hugse saka, ikkje språket. Då er det viktigaste at språket er enkelt og klart.

Og her kjem vi innpå det Bjørge meiner er ei av dei største utmaningane for NRK i tida framover: Den nye farten nyhenda vert formidla i.

– Skal ein vere først på nett med nyhenda vert det ekstra utfordrande å halde språket på det høge nivået vi ønskjer å ha. Farten gjer det enno meir utfordrande å presentere sakene i eit klart, godt språk, seier ho.

LES OGSÅ: – Me kan spørja oss om me har gått for langt

Med ansvar for røysta
I NRK vil Bjørge ikkje berre ha ansvar for dei skrivne orda: Òg dei talte orda kjem inn under språksjefens ansvar. I dei seinare åra har NRK opna for meir talt dialekt i sendingane sine. Vi spør Bjørge kva som eigentleg er viktigast for NRK: Å ha ein klar og tydeleg bruk av normert språk, eller å fremje dialektane?

– Begge delar er like viktig, og dette avheng jo av kvar språket vert nytta. På nett skal til dømes alt vi skriv vere korrekt nynorsk eller bokmål, i nyhenda skal berre normert nynorsk eller bokmål verte framført, medan vi på andre flater har opna for dialektbruk, til dømes i program som Norgesglasset eller Sommeråpent. Her er det viktig at dialektbruken er forståeleg og korrekt, og dette er ikkje alltid heilt enkelt å passe på, ettersom vi tenkjer på dialekt som noko veldig individuelt, ganske enkelt som «den måten ein snakkar på». Det gjer det vanskeleg å lage felles retningsliner!

Kva språk du kan høyre i sendingane kjem altså an på kva program du ser på eller lyttar til. Og i nyhenda kjem det framleis til å vere normert norsk som vert framført.

– I nyhenda er det viktig at alle skal kunne forstå kva som vert sagt, kjapt, og då kan ein ikkje måtte stusse over underlege dialektord. Men i andre program kan dialekt vere med å farge språket til dei som deltek, og gje programmet meir verdi.

Dialekt på topp ­– nynorsk i botn
– Dessutan er det viktig å arbeide for å synleggjere og styrke dialektane. Mange dialektar er i ferd med å forsvinne, eller verte utvatna. Her på Austlandet ser vi det til dømes med dialektar frå Hallingdal, eller frå Toten-området. Då kan det vere viktig at nokon i TV eller på radio kan vere gode representantar for desse dialektane, og dermed syne at dei er gode nok.

– Men når ein snakkar dialekt i Nrk, så snakkar ein jo i eit offentleg rom, og for mange fører dette til at ein går mot normalen gjerne vel ord som er litt «finare» eller «formelle», og for mange vil dette føre til at ein endar opp med bokmålsord..

– For nynorsken og dei med nynorsknære dialektar, vert det dermed viktig at ein har gode, formelle nynorskord å gripe til, når ein står der og pratar på lufta, så ein ikkje alltid grip til bokmålsorda, forklarer Bjørge.

LES OGSÅ: Transformatoren

Satsar på nynorsk og nynorske journalistar
For Bjørge går interessa og engasjementet for språk og journalistikk langt attende. Før ho fekk stillinga som språksjef arbeidde ho som journalist i dagsnytt. Frå før hadde ho vore nynorskpraktikant i Førde, og ho har master i nynorsk skriftkultur. I tillegg har ho bakgrunn som dagleg leiar for Norsk Målungdom og som tilsett politisk ansvarleg i Noregs Mållag.

Bakgrunnen frå målrørsla er kanskje ikkje heilt upassande: I NRK vil Bjørge også arbeide med at kanalen skal nå målet om 25 prosent nynorsk. Bjørge trur at rekruttering av nynorske journalistar er viktig om kanalen skal kome i hamn.

– Vi må rekruttere og satse på gode nynorskjournalistar. Vi må få inn flinke nynorskbrukarar i alle format og på alle flater, seier ho.

Har kjent språkstrida på kroppen
Sjølv meiner ho at ho tek mykje med seg frå målrørsla inn i arbeidet som språksjef.

Med bakgrunn frå målrørsla har ein jo kjent språkpolitikken på kroppen. Eg har lært mykje om argumentasjon, og om korleis ein kan skape samtale mellom dei steile frontane i språkstrida, på ein pedagogisk måte.

– Men viktigast av alt så var det der både interessa og engasjementet for språk vart vekt. Utan det hadde eg aldri klart meg i denne jobben!

Språkglede og entusiasme
Språkgleda si ønskjer ho å dele med dei andre i NRK, for ho trur nett språkgleda er ein viktig veg til betre språk, og kanskje til og med, til meir nynorsk.

– Det må vere kjekt med språk! Vi må tenkje på språk som noko artig, ikkje som ein klamp om foten. Dessutan vonar eg at òg bokmålsbrukarane skal tykkje at det er kjekt å skrive nynorsk, om dei til dømes samarbeider med ein nynorskbrukar til ei sak på nett, så ikkje alle saker der ein nynorskbrukar samarbeider med ein bokmålsbrukar vert skrivne på bokmål.

– Vi må dessutan gjere alle medvitne på kor viktig språk er. Og tenkje meir på det.

LES OGSÅ: – Valet er mitt

Førebilete
Men kven er dei språklege førebileta for språksjefen?

– Som praktikant i på nynorsk mediesenter vart Kari Sørbø tidleg eit journalistisk førebilete. Ho har eit tøft, knapt og godt nynorsk språk – ho er ei du trur på.

– Elles tykkjer eg både Hilde Sandvik i Bergens Tidende og Per Anders Todal i Dag og Tid har utruleg flott og godt, nynorsk språk.

Av dei skjønnlitterære trekker Bjørge fram Britt Bildøen og Frode Grytten som favorittar.

– Men det er så mange flinke! Eg vert så glad! avsluttar ho.

LES OGSÅ: Det dette eigentleg handlar om