≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Eksamen, Digital skule, Universitetet i Stavanger

Storsatsing på digital eksamen

Målet er at 80 prosent av studentane skal få digitale eksamenar innan utgangen av 2017.

Åsmund H. Eikenes
torsdag 9. februar 2017 11.43

Storsatsing på digital eksamen Illustrasjonsfoto: Unsplash / Helloquence

Dei siste åra har universiteta i Bergen og Tromsø, samt Høgskulen i Volda iverksett tiltak for digital eksamen.  

I haust starta Universitetet i Stavanger (UiS) eit liknade prosjekt, og målet er at 80 prosent av studentande som avlegg skuleeksamen skal gjennomføre eksamen i eit digitalt verktøy.

– Prosjektet er allereie på god veg, fortel Birgitte Dambo til universitetet sine nettsider. Ho er leiar for prosjektet «Innføring av 80 prosent digitale eksamen ved UiS».

For å nå målet vil universitetet leige eksterne lokale utstyrt med teknisk utstyr for digital eksamensavvikling og undervisning. Utanfor eksamensperioden vil lokala brukast til undervisning med nye digitale læringsformer.

Våren 2017 er målet at om lag 40 prosent av eksamenane er digitale, og gjennom dialog med alle fakultet og intitutt på UiS håpar Dambo å legge til rette for å doble talet i løpet av hausten.

Ny student? Her er sju ting du treng å vita.


Oppdatert: torsdag 9. februar 2017 12.35
Kommentarar



 
ANNONSE: