Startar Noreg si første drillinje
Ann-Cecilie Stokkenes Davis blir lærar til ni elevar ved den nyoppretta linja ved Haugesunds Toppidrettsgymnas.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Til hausten blir drill tatt med i toppidrettstilbodet ved Haugesund Toppidretts Gymnas.
– Det blir den første drillinja i heile Noreg. Det er skikkeleg gøy, seier Stokkenes Davis til Vestavind.
Det var HTG som tok kontakt med hovudinstrukteren i Sveio Drilltropp og deretter tok representantar for skulen ein tur til Sveio for å sjå utøvarane i aksjon.
– Tre elevar er frå Sveio, også er det utøvarar frå Skudenes, Haugesund og Avaldsnes, seier den kommande læraren.