≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, UiO

Språkrådet ber UiO om å bruke meir nynorsk

NPK
onsdag 19. april 2017 08.59

Språkrådet ber UiO om å bruke meir nynorsk MEIR NYNORSK: Språkrådet ber Universitetet i Oslo om å nytte meir nynorsk. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix/ NPK

Nynorskbruken ved Universitetet i Oslo er på veg oppover, men dei er langt frå å oppfylle krava i mållova. No vil Språkrådet ha endring.

Språkrådet ber einingane ved UiO om å syte for at kvar fjerde nyhendesak på nettsidene er på nynorsk, at alle skjema må finnast på begge målformer og at kvar fjerde melding på sosiale medium blir skriven på nynorsk.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa ber no alle einingane ved UiO om å ta språklege grep. I eit brev ber universitetsdirektøren leiinga på alle nivå om å følgja opp tiltaka frå Språkrådet overfor aktuelle medarbeidarar , skriv Uniforum på sine nettsider.(©NPK)


Oppdatert: onsdag 19. april 2017 14.38
Kommentarar



 
ANNONSE: