Sp og SV vil ha samferdslereform

Senterpartiet og SV vil løfte samferdsleinvesteringane ut av statsbudsjettet, men førebels stoppar det hjå statsministeren.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest Jens er litt gammaldags på dette. Eg kan ikkje skjønne at han vil stå igjen på perrongen når toget går. Eg håpar likevel ei samla regjering kan finne ei løysing. Det aller beste ville vore eit breitt forlik i Stortinget, som kunne stått seg for framtida, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete til Klassekampen.

I samband med framlegginga av Nasjonal transportplan neste år jobbar både Navarsete og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa for å sikre langsiktige, stabile investeringar og raskare utbygging av samferdsleprosjekt.

Navarsete er redd dette er siste sjanse for dei raudgrøne til å få til eit løft for samferdsleinvesteringane. Dersom dei ikkje får det til, vil opposisjonen få ei god sak i valkampen og innføre private modellar, meiner Navarsete.

SV støttar Senterpartiet i denne saka og stortingsrepresentant Lars Egeland seier til avisa at ein må finne ein modernisert modell for å finansiere dei store samferdsleløfta. (©NPK)

Les òg: Utset snarveg til Oslo med 20 år