Smittande matglede

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På kort tid har ho fått nærare 39.000 følgjarar på Facebook under namnet "Heimelaga – men enkelt". Ho er også aktiv på Instagram, og har etablert seg med eigen matblogg.

– Men det er faktisk ikkje så lenge sidan eg ikkje visste korleis eg skulle lage potetmos frå botnen av, innrømmer ho.

Toro-generasjonen

Endringa starta då ho vart mamma for første gong i 2009. Frå å vere avhengig av Toro-posar for å kunne lage middag, er maten i dag laga frå botnen av.

– Eg likar å vite kva vi og ungane får i oss. Ferdigprodukt inneheld mykje salt og anna rart som ikkje nødvendigvis gjer kroppen vår ei teneste.

LES OGSÅ: Det er ikkje dyr alt som kan grillast

Gir alternativ

I starten kjentes det uoverkomeleg, og dei starta med heimelaga middagar ein eller to gongar i veka. Etter kvart har det utvikla seg til eit fråvær av dei tidlegare livsviktige Toro-posane, og Grandiosa er eit ukjent ord for ungane på fem og snart tre år.

– Men det er på ingen måte ein perfekt familieidyll. Eg har også ungar som ikkje vil ete det eg lagar. Men eg er ikkje villig til å gi opp. Eg gir dei alternativ. Lagar eg kylling har vi pasta eller potetmos ved sida av. Då kan dei ete ein av tinga dei får på fatet. Det er ein siger at fiskegratengen får ligge på fatet, og at dei smakar på den. Då kjem resten etter kvart.

Mellom eksamenslesing, oppgåveskriving og tid med barna, lagar ho mat, danderer og fotograferer. Bilete og oppskrift vert så lagt ut til offentleg skode. Og oppskriftene legg ho vekt på skal vere for folk flest.

– Eg har følgt mange matbloggar, men ein del har kome for langt og vorte for avanserte. Eg slår eit slag for vanlege folk.

LES OGSÅ: Slik kan Instagram vera slankande

Planlegging

Ekstra stas meiner ho det er at familie og vener vert smitta av matgleda, og at fleire er inspirert til å lage meir mat frå botnen av.

– Eg er ingen proff, men deler av det eg kan. Eg hentar oppskrifter frå andre, og eg lagar eigne variantar. Vener er også ivrige til å dele oppskrifter med meg.

Nøkkelen til å ikkje gå lei er å ikkje lage mat kvar dag.

– Mannen jobbar utaskjers, og då er eg tvungen til å planlegge. Eg har ikkje tid eller lyst til å stå å lage mat kvar dag.

Trikset hennar er å lage doble porsjonar, for så å fryse halvparten.

– Då har du rask kvardagsmat ein travel ettermiddag. Litt planlegging  og ikkje minst matglede er alt som skal til, og kan vi klare det, kan alle klare det.

Utandørs fotostudio: Med lite dagslys løner det seg å ta bileta utandørs. Her vert ein porsjon jordskokksuppe foreviga før den vert fortært til lunsj. Seinare skal oppskrift og bilete ut på nett. Foto: Janne-Marit M. Falch

LES SAKA I MØRE-NYTT!