Skumparty og demokrati

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Ungdommens hus», Radøy kommune, Nordhordland: Kvar torsdag møter 30 til 70 ungdomskule- og vidaregåandeelevar i tilbygget til Radøyhallen for å spele Wii, hoppe på hoppemadrass, snakke, klemme og ete.

– Som du ser er det heilt problemfritt å ha 13-åringar og 18-åringar samla, smiler Katarina Birkeland.

– Dei eldste tek godt vare på dei yngste.

Skumparty og rulleskøytedisco
Birkeland var 25 år då ho i 2011 flytta tilbake til øya der ho vaks opp, og fekk den nyoppretta stillinga som ungdomskoordinator i Radøy kommune.

– Politikarane ville skape eit tilbod til unge som ikkje dreiv med organiserte aktivitetar, forklarar ho.

– Tre år seinare har me blant anna arrangert Greace-kveld med rulleskøytedisco, demokratikonferanse, halloweenparty, dataparty, skumparty, juleball, paintballturneringar, teaterkurs, og leiarkurs for ungdom.

Ho understreker at fleire av prosjekta har vore i samarbeid med ungdomskoordinatoren i nabokommunen Austrheim.

– Me har blant anna vore på fellesturar til Latvia og Irland med nokre av ungdommane, og hatt besøk frå Irland, Georgia, Tysland, England og Tsjekkia her.

«Taco-dialog» om kommunesamanslåing
Det var frå Latvia Birkeland og ungdommane fekk ideen om «taco-dialogen»:

– I Latvia hadde ungdommane invitert lokale politikarar til å ete is med dei. Poenget var å få tid til å fortelje kva unge latviarar var opptatt av. Det inspirerte oss til å invitere kommunepolitikarane her på øya til å ete taco med ungdomsrådet. På førehand hadde representantane snakka med klassane sine og kome fram til tre tema dei skulle ta opp med politikarane.

 

Temaa var kommunesamanslåing, skule og ungdomsmiljø. Spesielt det første emnet er akutt i Nordhordland for tida, der berre Lindås er nær å ha dei 15000 innbyggarane regjeringa meiner det passar seg for ein kommune å ha.

– Ungdommane har forstått at dette er ein debatt som har stor relevans for liva deira, fortel Birkeland. – Ungdomsrådet bad difor om å få være meir aktive i diskusjonen om kommunesamanslåing, og ordføraren tok saka vidare til regionsstyret som var positive til dette.

Demokratikonferanse
Det er derimot eit anna demokrati-prosjekt, Birkeland er mest stolt av: I mars samla ungdomsråda i Radøy og Austrheim alle ungdomskuleelevane frå dei to kommunane i Radøyhallen. 

– Dagen var delt opp i tre. Først eit hovudforedrag om «ungdomsdeltaking» ved ungdomspolitikar Stian Davies, så fem valfrie foredrag med tema som «den sosiale kroppen» og «korleis veit eg kva eg skal bli», og til slutt gruppediskusjon leia av dei unge.

– Er det lett å få ungdommane engasjerte?

– Veldig! Hadde det ikkje vore så myke engasjement måtte det til dømes vore fleire vaksne enn meg her på klubben.

– No slepp me å henge ute i kulda
Kjernen i prosjektet til Birkeland er altså involvering. Slik blir eit skumparty noko viktig:

– Dei lærer å ta ansvar, og å planlegge større arrangement. Alt frå skumparty til demokratikonferansen er arrangert av ungdommane sjølve.

«Ungdomens hus» som stod ferdig i fjor, skal sjølvsagt også leiast av eit styre sett saman av ungdommar. Fleire kjem i løpet av intervjuet bort til bordet me sit ved for å fortelja at dei set pris på tilliten og tilbodet.

– Etter at me fekk «Ungdommens hus» slepp me å henge ute i kulda, seier medlem i ungdområdet, Sandra Morken Reigstad (18).

– Mange har fått det mykje betre, og me føler at me blir høyrde.

Ein annan ung radvering som ikkje trener fotball til faste tider kvar veke, eller øver dagleg på trombone med mål om å vinne NM i brass med Manger Musikklag, er Henrik Angelskår (17). Han kjem strenande inn i opphaldsrommet og peiker på kameraet på bordet.

– Typisk, seier han.

– Med ein gong eg kjem inn i eit rom, kjem journalistane etter!

Henrik fortel at han blant anna vore på leiarkurset for ungdom, og at han var med til Dublin for å møte ungdommar frå Irland og Georgia, bli kjend med kulturen deira.

– Eg er også med i ei planleggingsgruppe som skal arrangere cup i fotball natt til 1. mai, og då folka me møtte i Irland kom til Radøy i haust, var eg med å arrangerte.

Romantisk interkommunalt samarbeid
Kontakten mellom ungdomskoordinatoren og disiplane hennar, finn sjølvsagt stad på Facebook.

– Å bruke sosiale media er nødvendig for å halde kontakten med ungdommane, understreker Birkeland. – Eg må møte dei der dei er.

Eit anna utgangspunkt for suksessen, er ei erfaring Birkeland har med seg frå sin eigen ungdom:

– Fordi eg kjem frå ein mindre stad på øya, veit eg kor utruleg vanskeleg det kan vere å kome seg rundt. Difor har eg alltid transport i bakhovudet når me planlegg eit arrangement.

– Og så er sjølvsagt det gode samarbeidet med Austrheim ein viktig faktor, legg ho til, og peiker på eit par som straks slepp taket i kvarandre og smiler brydd.

– Dei to der for eksempel, er eit resultat av det interkommunale samarbeidet. Han er frå Austrheim. Ho frå Radøy.

Les saka i Magasinett!

Leiar for ungdomsrådet i Radøy, Thomas Frotjold Valdersnes, et taco med lokalpolitikarar. Foto: Privat