Skular og barnehagar blir budsjett-taparar neste år
Eit fleirtal av kommunane vil kutte i barnehage- og skuletilbodet neste år. Mangel på lovfesta kvalitetskrav gjer at sektoren endå ein gong taper budsjettkampen, meiner Utdanningsforbundet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Budsjett-taparar neste år
70 prosent av kommunane planlegg å kutte i tilbodet til barnehagane med mellom 1 og 5 prosent, og 80 prosent vil kutte tilsvarande for grunnskulen, viser ei ny kartlegging frå Utdanningsforbundet.
280 kommunar har svart på undersøkinga.
LES OGSÅ: Ekspertar vil ha realfag inn i barnehagane
Svak kommuneøkonomi blir oppgitt som hovudårsak til kutta. Leiar i Utdanningsforbundet Ragnhild Lied er uroa:
– Endå ein gong er det skular og barnehagar som må bere innsparinga i kommunane. Vi har sett denne utviklinga over fleire år no, seier Lied til NTB.
LES OGSÅ: Frå husmor til yrkesaktiv
Ho meiner utviklinga heng saman med at skular og barnehagar har mykje dårlegare lovfesta rettar, enn for eksempel barnevern og sosiale ytingar.
Lied meiner dei omfattande kutta viser at det hastar å få på plass nasjonale bemanningsnormer både i skulen og i barnehagane. (©NPK)
LES OGSÅ: – Det må vera lov å prøva å bli pappa