– Skuffande om ungdomsmakt

Nasjonalt ungdomspanel meiner Trond-Viggo Torgersen-utgreiinga har skuffa på korleis ungdom kan få meir makt.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nasjonalt ungdomspanel er valt av Ungdommens storting, som møtte første gong i historia i mars. No har ungdomane levert høyringssvar til Ungdommens maktutgreiing. Utgreiing blei leia av Trond-Viggo Torgersen, og hadde som mål om sjå på ungdom si makt og deltaking i samfunnet.

Leiar i Nasjonalt ungdomspanel, Mads Adrian Hansen, seier til Framtida.no at han hadde høge forventingar og at utvalet skulle ha guts til å foreslå nokre litt kontroversielle tiltak som ville gje ungdom meir reell makt.

LES OGSÅ: Vil gje unge ei stemme inn mot makta

– Eg hadde forventa støtte til tiltak som kanskje ikkje umiddelbart hadde fått politisk støtte, men som ungdom kunne støtta. Politiske prosessar tek tid, og tidslinja frå ide til handling er lang.

No er han skuffa.

– Eg skulle ynskt utvalet hadde tørt å vera meir utfordrande. Dei fleste forslaga dei kjem med er forslag som er lett å støtte, medan i dei meir kontroversielle spørsmåla tek dei ikkje standpunkt.
Mads Adrian Hansen hadde og ei forventning om at Ungdommens maktutgreiing skulle vera tilgjengeleg og forståeleg for ungdom flest, og at ungdom skulle bli involvert i prosessen.

– Usamanhengande
– Eg er òg litt skuffa over ein del usamanhengande argumentasjonsrekkjer og konklusjonar.

Han synest det er synd at utvalet trur ungdom ikkje er i stand til å representera andre enn seg sjølv.

LES OGSÅ: Vil kjempa mot vaksentyranniet

– Utvalet fryktar dessuten elitisme, men då heng det jo ikkje saman at dei ikkje ønskjer fleire arenaer for å engasjera seg. Me treng flest muleg arenaer for at fleire skal engasjera seg, ikkje færre som utvalet går inn for, seier Mads Adrian Hansen til Framtida.

Nasjonalt ungdomspanel skriv i høyringsuttalen at det er skuffande at utvalet konkluderer med at organisasjonskanalen kan fylle same funksjon som regionale og nasjonalt medverknadsorgan.

Dei er òg skuffa over manglande ungdomsinvolvering og at utgreiinga ikkje finst i ei form som gjer det mogleg for ungdom å gje tilbakemeldingar på han.

Positiv til demokratifag
– Kva er dei mest positive forslaga frå maktutgreiinga?

– Nytt demokratifag, ungdomsversjonar av politiske dokument, formalisering av lokale ungdomsråd, ung.no med fast post i statsbudsjettet og meir utstrakt bruk av ekspertmøte med ungdom.

LES OGSÅ:Foreslår nytt fag: demokrati

– Kvifor seier de ikkje noko om stemmerettsalder i høyringssvaret dykkar?

– Det er delt syn om dette på Ungdommens Storting. Sidan dei ikkje gjorde noko vedtak på dette, valde me ikkje å ta stilling til stemmerettsalder. Dessutan er mandatet vårt å jobba for formalisering og ein permanent ordning med Ungdommens Storting, i tillegg til vidareføring av eit organ tilsvarande Nasjonalt ungdomspanel. Likevel meiner vi at utvalet burde konkludert på dette punktet.

LES OGSÅ:– Skuffar om stemmerett

Faktaboks

Ungdommens maktutgreiing foreslår blant anna:
• eit nytt, breitt demokratifag i grunnskulen
• skuleval blir obligatorisk i vidaregåande skule og at det tilrettelagt for skuleval i ungdomsskulen
• nasjonale retningslinjer for ungdomsråd og ein tilskotsordning for kommunar som følgjer retningslinjene
• ta i bruk ekspertgruppemøte med ungdom med særskilde erfaringar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå
• lokale samarbeidsråd for barne- og ungdomsorganisasjonene
• oppretting eit statleg tilskot for oppfølging av grupper med låg grad av deltaking i organisasjonane
• juridisk utgreiing om korleis ein kan regulera korleis tredjepartsapplikasjonar innhentar og bruker personopplysningar
• avgrensa retten til foreldre til å publisera informasjon om eigne born
• born og synspunkta til unge skal dokumenterast i barnevernssaker og at det lovpålagde tilsynet med barneverninstitusjonar aukar
• rydda opp i lovverket for plassering av born utanfor heimen og at reglane om inngrep i sjølvbestemming under institusjonsopphald blir tatt inn i lov
• barnevernet får ansvar for alle einslege mindreårige asylsøkjarar