Skrotar reservasjonsrett mot samvitsfridom
KrF og regjeringa samde.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil utgreia samvitsfridom
Regjeringa og KrF er einige om at fastlegar ikkje lenger skal vise kvinner til abort – og dermed ikkje treng å reservere seg. Til gjengjeld har KrF fått regjeringa med på å greie ut spørsmålet om samvitsfridom.
KrF-leiar Knut Arild Hareide seier til NTB at partiet hans stilte krav om ei utgreiing av samvitsfridom som motyting for å skrote forslaget om reservasjonsrett for legar når det gjeld abort. Han karakteriserer den nye avtalen som ein siger.
– Dette er ei betre løysing enn det vi hadde i utgangspunktet, seier han.
Ny avtale
På ein fullstappa pressekonferanse onsdag underteikna helseminister Bent Høie (H) og Hareide avtalen om at fastlegar ikkje lenger skal vise til kvinner til abort. I staden skal abortsøkjande kvinner vende seg direkte til sjukehusa. Dermed fell heile grunnlaget for reservasjonsretten vekk, påpeikar Høie.
– Vi avskaffar ordninga med at legar skal skrive under på aborttilvisinga. Dermed avskaffar vi også problemet for legar som av samvitsgrunnar ikkje kan vise til abort, seier Høie til NTB.
På pressekonferansen presenterte Høie og Hareide avtalen som ei vinn-vinn-løysing.
– Den varetek både rettane til abortsøkjande kvinner og legar som av samvitsgrunnar finn det vanskeleg å vise til abort, seier Høie.
Hareide viser til fleire fordelar med den nye løysinga.
– Ordninga vil vere den same i alle kommunar, og det blir ikkje behov for lister over legar som reserverer seg. Dessutan er dette ei robust løysing som ikkje står for fall med ei ny regjering, meiner han.
Fastlegane skal likevel framleis ha plikt til å gi abortsøkjande kvinner informasjon og rettleiing, medan kommunane får ansvaret for å sørgje for at praksisen til legane er i tråd med regelverket.
Verken moral eller press
– Det vil vere klare retningslinjer her. Alle legar har plikt til å opptre profesjonelt. Kvinner skal verken møte moral eller abortpress på legekontoret, understrekar Høie.
Det skal heller ikkje skal vere mogleg å reservere seg mot å sette inn spiral, skrive ut p-piller eller vise til assistert befruktning.
Samtidig går regjeringa og KrF inn for å opprette eit grønt opplysningsnummer for kvinner som lurer på kva rettar dei har i abortspørsmål. Dessutan skal Statens helsetilsyn gjere ein gjennomgang av praksisen når det gjeld abort og legar som reserverer seg i strid med lova, innan 2016.
Forslaget vil bli sendt ut på høyring i juni, med høyringsfrist 15. september.
Planen er at den nye ordninga skal setjast i verk 1. januar 2015.