Skrivekonkurranse om framtida til nyhende og media

Framtida.no og Magasinett inviterer til skrivekonkurranse for deg mellom 14 og 20 år.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har vore mykje snakk om «fake news» etter den amerikanske valkampen i haust. Samstundes skjer det store endringar i måten ungdom les nyhende og det er store endringar i media.

Framtida.no og Magasinett inviterer til skrivekonkurranse om framtida for media og korleis me får med oss nyhende.

Dette kan du skriva om:
► Facebook og Google samlar informasjon om alt du gjer på nettet, og tilpassar nyhenda etter kva dei trur du er mest interessert i. Korleis trur du dette kan påverka demokratiet vårt?

► Kva kan ein gjera for å unngå at demokratiet blir påverka av slike falske nyhende?

► Korleis får du og andre ungdommar med dykk nyhende i dag?

► Korleis trur du ny teknologi vil endra måten me får med oss nyhende på?

► Kva er draumeavisa di?

► Korleis kan avisene bli betre og meir relevante for ungdom?

Aldersgrense: 14-20 år
Sjanger:
Debattartikkel, lesarbrev eller kåseri
Lengde:
Maks 5000 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!
Premie:
1. plass: 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Målform:
Nynorsk
Innleveringsfrist:
19. mars

Me oppmodar deg til å skriva ein poengtert og meiningssterk tekst der du argumenterer godt for deg.
 

Teksten din kan du sende inn til magasinett@gmail.com!

Ta kontakt på epost, viss du har spørsmål!