Skrifta på veggen

På tide å slutte å syngje på norsk?

Jens Kihl
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Den som kjem til Aasentunet vil oppdage eit sitat på veggen inne i utstillinga. Mellom eigendelane til Ivar Aasen kan ein lese eit utfall frå dåverande P3-sjef Nils Heldal, prenta i Dagbladet 3. mars 2000:

«Norske artister kan likegodt slutte å synge på norsk. I den globaliserte verden vi lever i er det meningsløst å gni og gnukke på norsken.»

Det var det nye årtusenet. Vi hadde overlevd Y2K, ymse Nostradamus-spådomar og litt av kvart anna. No var det engelsk som gjaldt (sjølv dette riktig nok er eit ukjend språk for ein del milliardar menneske). Men kva skjer? Åra går og P3 får ein ny musikksjef som rett og slett finn meining i å gni og gnukke på norsken. Vi kan jo leite fram nokre overskrifter frå 2010 som døme:

«Kult med norsk i utlandet: Norske, svenske og islandske artister synger på morsmålet og får skryt i britisk presse.»

«Norsk musikk regjerer på P3: Det norske språket holdes inntakt i ungdomskanalen.»

«Rap på norsk bryter igjennom i Sverige»

«Norske musikarar vrakar engelsk»

Fleire trekkjer fram Urørt, der dei unge og lovande får vise kva dei er gode for. Og dersom dei er gode og i tillegg syng på norsk – ja, så er det visst ikkje lenger ei ulempe:

– Generelt så går vi ikke bevisst etter musikk på norsk. Vi hører på helheten for å finne ut om noe er bra. Synger de i tillegg på norsk synes vi det er ekstra kult. Da vil vi kanskje jobbe litt ekstra for å pushe dem frem, sa Urørt-sjef Mari Garås Monsson. Som smell-bonbon’en på kransekaka etterlyser P3 no meir pop på samisk. Politisk korrekt? Jepp. Men av og til kan det vere heilt fint å vere politisk korrekt.

Og kva med meg sjølv? I cd-hylla heime er det ei salig blanding. Litt norsk, litt svensk, mykje engelsk. Eit par skiver på spansk. Og sikkert litt fransk og italiensk om eg ikkje hugsar feil. Eg trur dei fleste av oss er meir opptekne av musikken enn av språket, men likevel: Det er viktig at vi får stadfesta at norsk språk eignar seg til alt – òg til flat, tåpeleg popmusikk, gode rockeplater eller millionseljande svartmetall. Og det er skilnad på mine innfall i platesjappa og avgjerdene til musikksjefane i radioen. Fyrstenemnde påverkar berre meg (og kanskje naboen), medan sistnemnde er avgjerande for kva folk flest tenkjer om språk og musikk.

Skrifta på veggen i Aasentunet heng der framleis. Men heldigvis kan eg no le overberande av Nils Heldal, og lure på om han helst høyrer på norsk-kjipe Lars Vaular eller engelsk-kule Justin Bieber.