Skreiv seg til siger

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innvandraren skreiv seg til siger

– Dette er veldig gledeleg å høyra, seier Michal Jan Warecki. Vinnaren av skrivekonkurransen får 5000 kroner i premie.

I innlegget hans skriv han om kvifor det er viktig at Grunnlova er på nynorsk.

LES INNLEGGET HER: Gratulerer med Grunnlova!

– Eg meiner framleis det eg skreiv i konkurranseinnlegget mitt: Grunnlova, som den viktigaste av lovene, bør vera tilgjengeleg på båe måla så lenge dei er offisielle skriftspråk i Noreg. Det er likevel pinleg at den fine sida om endringane i Grunnlova gjennom tida, laga av Lovdata, berre er tilgjengeleg på bokmål, seier 18-åringen frå kommunen Ørland på Trøndelagskysten.

Namnet hans røper at han har røter frå Polen.

– Då eg flytta til Norge vart eg fyrst introdusert til uttrøndersk, ikkje normert austlandsk. Seinare byrja eg på eit norskkurs for innvandrarar, og der har vi lært å skriva bokmål. Då syntest eg at det var kjipt å måtte skriva på eit språk som er så fjernt frå talemålet, men kunne ikkje nynorsk bra nok for å bruka det til vanleg.

– Då eg byrja på vidaregåande tilrådde norsklæraren min å søka fritak frå sidemålsopplæringa, for å fokusera meir på bokmål. Eg valde ikkje å gjera det, og etter eitt år på vidaregåande bytta eg målet til nynorsk. Dette var ikkje ei overrasking for faglærarane mine, sia eg tidligare leverte oppgåvene på båe nynorsk og bokmål, og dei støtta avgjersla mi. I 3-årsperspektiv ser eg at det var ei god avgjersle, sia gode nynorskkunnskapar hjelper med å forstå svensk (eg er glad i svenske krimseriar) og dei norske dialektane. Det å måtte skriva på to mål gjer òg ordforrådet mykje breiare.

– Trass i dette støyter eg på mange som har vanskeleg for å forstå at ein innvandrar, som i tillegg aldri har budd på Vestlandet, har nynorsk som hovudmål. Òg mange av venene mine irriterer seg over at eg skriv nynorsk på sosiale medium, men det at dei ser denne skriftforma oftare har endra deira haldning til nynorsken.

No går han studiespesialiserande linje ved Fosen vidaregående skole. Ved sida av skulen er han aktiv i organisasjonslivet.

– Vervet i fylkesstyret til Sør-Trøndelag Sosialistisk Ungdom fyller mykje av fritida mi. Elles speler eg på gitar, men berre for meg sjølv og venar, og joggar nokre gongar i veka. I juni deltok eg i St. Olavsloppet, og tenkjer å delta neste år også.

Og innimellom bloggar han òg: Les bloggen hans her!

Faktaboks

Framtida.no og Magasinett har arrangert skrivekonkurranse i høve 200-årsjubileet for Grunnlova. Deltakarane fekk velja mellom to oppgåver: å skriva om språket i Grunnlova eller om kva paragrafen om berekraft bør å ha å seia.

Les meir om skrivekonkurransen her!

I tillegg til vinnaren, har juryen bestemt seg for å gje heiderleg omtale til Torstein Bakketun Kyte for teksten hans om berekraft-paragrafen.