Skal forska på kvifor unge dumpar nynorsken

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar på kvifor unge dumpar nynorsken

To av fem elevar i Fjell kommune har nynorsk på barneskulen. På ungdomsskulen søkk talet til éin av fire. No tek kommunen grep.

Flest nynorskskular
Universitetet i Bergen og Fjell kommune har fått 255.000 kroner til prosjektet som har fått arbeidstittelen «Stolt av eige språk».

Prosjektet har som målsetting å undersøkja kvifor elevar byter hovudmål frå nynorsk til bokmål i overgangen frå barneskule til ungdomsskule.

Prosjektet er det einaste nynorsktiltaket som fekk pengar då Kulturdepartementet i førre veke delte ut 3,9 millionar til ulike språktiltak.

Kommunen har om lag 3.200 elevar i grunnskulen. Av dei tretten barneskulane har berre fire bokmål som administrasjonsspråk, men fleire har språkdelte klassar.

Dersom foreldra til meir enn ti elevar i eit barneskuletrinn vel ei anna målform enn resten, har dei rett på ein eigen klasse.

På ungdomsskulen kan elevane sjølv velja målform, men har berre rett på opplæringsmateriell på si eiga målform.

LES OGSÅ: Jublar over framleis språkdelt skule

Uroa skulesjef
Både tilflytting frå bokmålsbyen Bergen og arbeidsinnvandring er med på å auka bokmålsdelen i vestlandskommunen.

– Det er ikkje tvil om at det er grunnlag for å vere bekymra for nynorsken si framtid i Fjell. Denne utviklinga har gått føre seg heilt sidan innflyttinga byrja etter brua kom på 70-talet. Me har sett det gå føre seg i mange år, og det har auka på utover. No er det på tide å setja foten litt ned og sjå kva me kan bidra med for å stogga det, fortel skulesjef Wilhelm Anglevik på telefon til Framtida.no.

Kommunen tok difor kontakt med Universitetet i Bergen for å få til eit samarbeid. Til neste år skal Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier starta opp forskingsprosjektet.

Fjell, som i 2011 kunne smykka seg med tittelen Årets nynorskkommune, håpar dette kan hjelpa dei å få oversikt over årsakene målbyte og vere til hjelp i arbeidet med ei liste over kva tiltak som kan setjast i verk for å få elevane til å halda på det nynorske hovudmålet.

LES OGSÅ: Skulen gjer for lite for å hindra målbyte

– Manglar kunnskap
Leiar for lektorutdanninga ved Universitetet i Bergen, Endre Brunstad, rosar initiativet frå kommunen.

Professoren meiner det ikkje er tvil om at nynorsken er pressa i Fjell.

– Det trengs språkstyrkingstiltak, spørsmål er kva tiltak. Det vil me sjå på. Det handlar om vilkår og spelerom for nynorsken blant unge nynorskbrukarar. Det er lett å sjå at det er ein overgang. Me vil sjå på kva som pregar overgangen. Er overgangen evig eller for ein kort periode?  spør Brunstad.

Vidare vil prosjektet sjå på språkveksling og faktisk språkbruk blant ungdomsskuleelevar. Kva tid og kva tekstar skriv dei på nynorsk, bokmål eller dialekt?

Brunstad tykkjer utviklinga for nynorsken i området rundt Bergen er eit felt det er behov for meir kunnskap om.

LES OGSÅ: Éin av fem blir oppmoda til målbyte

Unngå presset
På sikt kan prosjektet i Fjell verte ein del av ei større satsing på vilkåra for nynorskbrukarar, samt spelerommet for nynorsk blant unge språkbrukarar i nynorske brytningsområde.

– Dette er eit språkstyrkingsprosjekt. I staden for elendeforsking kan me sjå på kva tiltak som kan gjerast. Målet er ikkje å finne ut meir om alt det vonde i verda. Men dersom det er eit sosialt press som verkar negativt for nynorsken, kan me sjå på korleis unngå det presset, avsluttar Brunstad.