Sjå korleis planeten har forandra seg

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå dei store endringane

Bileta frå NASA viser utrulege endringar i landskapet på planeten, frå overfløyma elvar til forsvinnande innsjøar og minkande sjøis til nye øyer. Vi kan til og med sjå dei dramatiske effektane av urban utviding og korleis lysforureinnig ser ut frå verdsrommet, skriv IFLScience.

Fotografia er tilgjengelege på Images of Change, samt på NASA si tumblr-side.

Under er bilete av ein isebre som minkar og ein storby som aukar.

Isbreen Qori Kalis i Peru har minka drastisk over dei siste 30 åra.


Isbreen Qori Kalis i Peru, fotografert juli 1978


Isbreen Qori Kalis i Peru, fotografert juli 2011

Storbyen New Dehli har utvida seg stort i alle retningar på 25 år.


New Delhi i India, fotografert 14. mars 1991


New Delhi i India, fotografert 2. mars 2016


Innsjøen Urmia i Iran har endra farge frå grøn til raud grunna ein kombinasjon av bakterar og algar. 


I Nigeria har store område med skog gått tapt dei siste 30 åra

LES OGSÅ: Rekordvarmt for tredje år på rad