Sjå Jenny Skavlan som elektrikar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NHO vil gi eit meir positivt inntrykk av yrkesfag, og har nytta seg av kjendisfaktor for å få det gjort.

Nærare bestemt har dei gått saman med Jenny Skavlan, og sendt ho til ulike arbeidsplassar med eit kamerateam på ryggen. Skavlan har fått prøva seg på fleire ulike yrkesretningar som kan komma med yrkesfag – kokk, elektrikar, frisør og meir, og skrive om erfaringane sine på heimesida si.

LES OGSÅ: Unge ser ned på yrkesfag

Eit nytt syn
I innlegget skriv Jenny Skavlan mellom anna om korleis ho såg på yrkesfag tidlegare – og kva ho tenkjer om det no:

– Skal eg vera ærleg tenkte eg at yrkesfag var for dei som ikkje heilt visste kva dei ville med livet sitt og kanskje var litt skuleleie. Men etter å ha jobba med fem unge menneske som har gått yrkesfagvegen og vidare til ein jobb dei trivst veldig godt i, skjønnar eg at yrkesfag berre er eit meir "hands on" og praktisk alternativ til det mange tenkjer på som vanleg vidaregåande skule, skriv Skavlan.

Om overbevisinga er ekte eller ein del av kampanjen til NHO er uvisst, men du kan i alle fall få eit innblikk i dei ulike yrkesvala på heimesida til Jenny Skavlan.

Her kan du sjå korleis det gjekk då Jenny Skvalan skulle prøva seg som elektrikar:

Video: NHO

LES OGSÅ: Fleire fullfører yrkesfag