Saksøkt for hormon-app
Produsenten saksøkte Forbrukarrådet då salet av A-crème fall.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter at Forbrukarrådet lanserte sin hormonsjekk-app fall salet av A-crème.
Produsenten av kremen, Naturlig Valg AS, meinte at forbrukarane valde vekk produktet deira som følgje av Hormonsjekk-appen, og gjekk til søksmål mot Forbrukarrådet for fallande inntekter.
Oslo tingrett er ikkje einig, og har frifunne Forbrukarrådet, og dømt Naturlig Valg til å betala 290.000 kroner i sakskostnader.
LES OGSÅ: Biff like ille som bil
– Viss salet av A-crème har gått ned, er det fordi forbrukarane sjølve har valt bort produktet. Dette er dei sjølvsagt i sin fulle rett til å gjera, seier direktør Randi Flesland i Forbrukarrådet i ei pressemelding.
Hormonsjekk-appen lèt forbrukarane finna ut kva hudpleieprodukt som inneheld hormonforstyrrande stoff. Appen informerer om lista til EU over stoff som er mistenkt å ha hormonforstyrrande effekt på menneske. A-crème inneheld methylparaben, som er eitt av stoffa på denne lista.
Tingretten viser i dommen til at Forbrukarrådet har sett søkjelys på eit alvorleg tema, og er i sin fulle rett til å sikra at forbrukarane kan ta trygge val.
LES OGSÅ: Forbrukarane nyttar ikkje makta si