Røe Isaksen trur ikkje skjerpa krav vil gi lærarmangel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nedgang for lærarutdanninga

Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner tala som Samordna opptak la fram tysdag, viser at læraryrket er i ferd med å trekkje til seg fleire og betre studentar.

Han viser til at det nye kravet om karakteren 4 i matematikk ikkje har ført til drastisk nedgang i opptaket.

– 28 prosent av dei som kom inn i fjor fylte ikkje karakterkravet til matematikk. Derfor hadde vi frykta ein nedgang, kanskje så stor som det. At nedgangen berre er 3,9 prosent, er ein veldig positiv overrasking, seier han til NTB.

I år er det første gongen studentane må ha karakteren 4 i matematikk frå vidaregåande for å bli tekne opp ved lærarutdanninga.

Ikkje alle er like begeistra. Norsk studentorganisasjon slaktar karakterkravet til regjeringa

Mastergrad
Om eit år hever regjeringa krava til framtidige lærarar ytterlegare ved å innføre eit femåring masterprogram for lærarar. Men Isaksen trur ikkje krava vil føre til framtidig lærarmangel.

– Lærarmangelen blir mindre. For berre nokre år sidan var det snakk om titusenvis av lærarar som mangla i framtida. Nå er det snakk om 4.000 lærarar i 2040, seier han, og utdjupar:

– Eg trur det å legge om til ein masterutdanning vil bli eitt av dei aller viktigaste rekrutteringsverktøya vi har, ved å få lærarutdanninga opp i den ligaen der den høyrer heime.

Av dei 27.055 som søkte om opptak til ulike lærarutdanningar i år, var det omtrent 10 prosent som ikkje møtte krava. 9.816 av dei fekk tilbod om studieplass.

– Ved Høgskolen i Oslo og Akershus har vi i mange år hatt ein stor søkjarmasse til lærarutdanningane, og i år er det ein auke i poenggrensene. Det kan tyde på at vi har fått fagleg dyktige studentar som ønskjer å bli lærarar, seier HiOAs prorektor for utdanning, Nina Waaler.

LES OGSÅ: Fire av ti lærarstudentar strauk i matte

Kunnskapssamfunn
Samordna opptak har sendt ut 91.173 tilbod om studieplassar ved universitet og høgskular til årets hovudopptak. Det er ny rekord.

– Likevel er det framleis berre rundt 10 prosent av vaksne i Noreg som har mastergrad. Den myten om at vi er eit samfunn der alle har master, er feil. Skal vi klare omstillingane vi står overfor, treng vi kunnskap og kompetanse, seier Isaksen.

Seks av ti som fekk tilbod om høgare utdanning ved årets opptak, er kvinner. Det er om lag det same som under fjorårets opptak.

Samtidig som det er fleire som får tilbod om utdanning, er det noko færre som kjem inn på sitt førsteval samanlikna med fjoråret. Seks av ti får oppfylt sitt førsteønske.

LES OGSÅ: NHO-sjefen ber foreldre ta matteansvar

Fleire til Tromsø
Årets hovudopptak viser at det er rekordmange som ønskjer å bli sykepleiarar. Utdanninga opplever ein auke på 20 prosent fleire søknadar samanlikna med 2015.

Hovudopptaket viser også at det er stor tilstrøyming til Universitetet i Tromsø. I alt 5.989 studentar har fått tilbod, noko som er ein auke på 15 prosent samanlikna med fjoråret.

– Det er kjempefint at studentar finn UiT attraktivt. Eg håper alle som får tilbod nyttar moglegheita for studium i nord, seier Anne Husebekk, rektor ved UiT.

Faktaboks

 Dei ti studiane i Noreg med høgast ordinær poenggrense:

1) Medisin (haust), UiO. 68,3 poeng. 1.328 på venteliste.

2) Medisin (vår), UiO. 67,2 poeng. 1.152 på venteliste.

3) Medisin, NTNU. 67 poeng. 1.205 på venteliste.

4) Psykologi (haust), UiO. 66 poeng. 1.540 på venteliste.

5) Medisin, UiB. 65,8 poeng. 1.306 på venteliste.

6) Medisin, UiT. 65,7 poeng. 1.186 på venteliste.

7) Psykologi (vår), UiO. 65,2 poeng. 1.376 på venteliste.

8) Odontologi, UiO. 64,4 poeng. 510 på venteliste

9) Industriell økonomi og teknologileiing, NTNU. 64 poeng. 567 på venteliste.

10) Psykologi, UiB. 63,9 poeng. 2.261 på venteliste.

(Kilde: Samordna opptak). (©NPK)