Rock i slow motion

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit konsertband
Bandet Warpaint vart starta i Los Angeles, USA i 2004. I dag er det Stella Mosgawa som speler trommer. Dei tre andre bandmedlemmane – Theresa Wayman (gitar og song), Emily Kokal (gitar og song) og Jenny Lee Lindberg (bass og koring) – har vore med frå starten.

Theresa begynte å spele gitar saman med far sin då ho var ni. Seinare lærte ho seg å spele piano, men først i starten av tjueåra vart gitar- og trommespeling hovudinteressa hennar. Ho vaks opp i staten Oregon, som ligg på vestkysten av USA, og møtte Emily då dei begge var i tenåra. Seinare reiste dei to venninnene rundt i Europa saman; dei busette seg i New York, før dei flytta til Los Angeles. Dei starta Warpaint på valentindagen i 2004, saman med Jenny og syster hennar, Shannyn Sossamon (som spelte trommer og song).

Allereie i 2005 vart bandet lagt ned. Wayman, som nettopp hadde fått ein son, spelte ein kort periode i bandet til Vincent Gallo. Men då dei andre jentene ville halde fram med Warpaint, var ikkje Wayman vanskeleg å be. Warpaint spelte mange konsertar i Los Angeles-området dei neste åra, men debut-EP-en kom ikkje før i 2008. Exquisite Corpse gav dei ut sjølv, men EP-en fekk mykje merksemd frå radiostasjonar og kritikarar.

Ny trommis og kontrakt
Sossamon, som heile tida har jobba mykje som skodespelar, forlét bandet i 2008. David Orlando og Michael Quinn spelte trommer i kvar sine periodar i 2009, men då Stella Mosgawa vart med, fall alt på plass. Mosgawa er oppvaksen i Australia, men har polske foreldre som var popstjerner i heimlandet sitt før ho vart fødd. Like etter at dei fann ny trommis, fekk Warpaint platekontrakt med Rough Trade Records, og vart sendt ut på turné som oppvarming for The XX. Dei spelte inn debutalbumet i løpet av 2010, og gav det ut i oktober. The Fool fekk gode meldingar i musikkpressa, og sommaren 2011 spelte Warpaint på festivalar som Coachella, Glastonbury og Rock Werchter.

Det skulle ta relativt lang tid før Warpaint gav ut det etterlengta oppfølgjaralbumet. Materialet vart jobba fram gjennom improvisasjon og jamming, gjerne på lydprøver før konsertar. Kokal seier at den felles skapingsprossessen, samspelet og uttrykket er viktigare for dei enn å forsøke å treffe publikum på ein særskild måte. Dette stemmer med det lydbildet som til slutt vart ståande på det neste albumet deira, Warpaint: flytande, suggererande.

Oppfølgjaren
Warpaint
kom ut på nyåret i 2014 – spelt inn i Joshua Tree, og med britiske Flood som produsent. Lindbergs ektemann, musikkvideo-regissøren Chris Cunningham, stod for den visuelle utforminga. Han filma også bandet i løpet av dei to åra dei brukte på å skape albumet. Materialet skal etter planen bli til ein dokumentarfilm, som har fått namnet Love Is To Die. Dette var også tittelen på første singel frå albumet. To andre låtar, Disco//very og Keep It Healthy, fekk felles musikkvideo, regissert av Laban Pheidias, våren 2014.

Sommaren etter turnerte Warpaint festivalar og storbyar i Europa og Nord-Amerika med det nye albumet. Dei samarbeidde også med artisten SBTRKT (uttalt «subtract») om to låtar på andrealbumet hans, som kom ut i oktober.

Først publisert i Norsk Barneblad!