Refsar kronprinsen og Global Dignity Day

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kronprinsen får refs

Styreleiar i Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Stian Seland, meiner at kronprinsen ikkje bør legga føringar på kva som skjer på skulen, og at det er uheldig at dagen må «konkurrera» med FN-dagen og Operasjon Dagsverk, som blir arrangert rundt same tid.

Dette er Stian Seland: Leiar for 500.000 barn og unge

Det er Dagsavisen som skriv om debatten rundt Global Dignity Day (GDD), ein organisasjon starta av mellom anna kronprinsen, som promoterer verdigheit. Tidlegare har også lærarar gått ut mot organisasjonen og arrangementet som skjer på skulane. Dei reagerer på at dei personlege historiene om verdigheit som elevane deler på denne dagen ofte blir delt i ettertid, utan at elevane forstår konsekvensen av delinga.

GDD går ut på at elevane blir delt inn i grupper, der dei skal dela historier om verdigheit med kvarandre. Dei «sterkaste» historiene frå kvar gruppe skal så lesast opp framfor heile klassetrinnet på skulen.

Lærarane har også, som Stian Seland, reagert på at GDD er ein dag som potensielt dyttar andre arrangement, som FN-dagen og Operasjon Dagsverk, ut av læreplanen. Seland meiner GDD bør flyttast til ein annan månad for å unngå slik konkurranse, ifølgje Dagsavisen.

Kronprinsen sjølv seier til Dagsavisen at han meiner kritikken frå lærarane i avisa ikkje var heilt riktig. Meir spesifikt peika han på dei moglege konsekvensane av historiene som blir delt.

– Me legg vekt på dei positive historiene og hjelper til med å velja og formidla desse på ein god måte, sa kronprinsen.