Rasar mot sidemålskutt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag publiserte Utdanningsdirektoratet tredjeutkastet til ny læreplan i norsk. Målungdomen er lite nøgd.

– Vakre ord om at begge målformer er viktige betyr lite når Utdanningsdirektoratet legg opp til ei massiv svekking av sidemålet, seier Vebjørn Sture, påtroppande leiar i Norsk Målungdom.

– Ein dårleg reprise
– Dette ser ut som ein dårleg reprise – her er tilnærma null progresjon frå andreutkastet, som var kjemisk fritt for den styrkinga av sidemålet som alle tre regjeringspartia lova dyrt og heilag før valet i 2009, meiner Sture.

I Norsk Målungdom sine augo bommar regjeringa på straffespark om dei vedtek læreplanen.

– Vi håpar og forventar at læreplanen ikkje blir slik, seier Sture.

– At ikkje kunnskapsminister Kristin Halvorsen legg meir føringar for ei styrking av sidemålet i læreplanen er veldig merkeleg. Det burde ikkje vere så vanskeleg når alle regjeringspartia hevdar dei vil styrkje sidemålet, legg han til.

Målungdomen meiner utkastet tvert i mot legg opp til ei nedskjering av sidemålet.

– For det fyrste legg utkastet opp til den same brutale nedskjeringa av sidemålet som andreutkastet. Problemet i dag er at mange elevar ikkje får tid eller høve til å lære sidemålet sitt skikkeleg. Utdanningsdirektoratet ser ut til å tru at dette kan løysast ved å fjerne sidemål frå VG3, og kutte det kraftig på ungdomstrinnet. Det heng ikkje på greip, seier Sture.

LES OGSÅ: Ønskjer meir nynorsk pensum

Vil ha sidemål tidlegare
Ifølgje Norsk Målungdom er ein av dei største ulempene med dagens sidemålsordning at elevane ikkje får lære sidemål før på ungdomstrinnet. Dei er difor skuffa over at den tidlege sidemålsoppstarten framleis er fråverande.

– Opplæringa burde starta mykje tidlegare, medan ungane har større evne til å lære språk og færre språklege fordommar – til dømes i fjerde klasse, meiner Målungdoms-leiaren.

Han er oppgjeven over at direktoratet ikkje har teke målungdomens innspel med i utkastet.

– Tidleg oppstart har dei testa med hell på Våland skole i Stavanger, noko vi peika på då andreutkastet kom i mai. Men direktoratet er tydelegvis ikkje interesserte i å høyre på konstruktive innspel, meiner Sture.

Vil ha ulik opplæring
Sture meiner det også at læreplanen ikkje tek høgde for at nynorsk- og bokmålselevar har heilt ulike vilkår for å lære sidemål.

– For mange bokmålselevar er sidemålet usynleg i kvardagen, til dømes grunna nynorskforbodet i VG og Dagbladet. Av same grunn er bokmålsdominansen så stor at mange nynorskelevar treng mykje mindre opplæring for å meistre bokmål. Dette hoppar læreplanutkastet fullstendig bukk over, seier Sture.

   LES OGSÅ: Dobbelt så mykje nynorsk

– Feig vri
Norsk Målungdom dreg òg fram at utkastet ikkje seier noko om vurdering i faget.

– Det er ein feig måte å vri seg unna debatten om vurderingsformer. Dersom læreplanrevisjonen skal ha demokratisk legitimitet, kan korkje direktoratet eller statsråd Halvorsen leggje lokk på karakter- og eksamensspørsmålet på denne måten. Det burde vere ein heilt sjølvsagt del av den generelle læreplandiskusjonen, meiner Sture. 

Vil lytte
Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Elisabet Dahle, tek i mot Målungdomens utspel med takk.

– Vi veit at det er mange synspunkt på sidemålsopplæringa og vi ønskjer å ha ein god dialog med mellom andre Målungdomen.

Dahle seier utkasta vert publiserte nettopp fordi læreplangruppa i Utdanningsdirektoratet vil ha ein open prosess.

– Eg vil gje ros til Målungdomen som følgjer læreplanprosessen nøye. Når forslaget til revidert læreplan kjem til Kunnskapsdepartmentet til hausten, skal vi lytte til dei innspela som kjem, seier ho.

Departementet har ifølgje Dahle ingen førebelse synspunkt på utkastet. Dei får oversendt forslag til læreplan til hausten og vil ta stilling til utkastet etter at denne har vore på høyring.

– Vi er spente på og gler oss til å få det ferdige forslaget til hausten, seier Dahle. 

Kva meiner du? Er sidemålet i fare?