Potetlandskampen har starta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan dei minste potetene tidlegare blei brukte til grisemat og spritkoking, har småpoteter dei siste åra blitt mest ettertrakta på middagstallerkenane, både på fine restaurantar og heime hjå folk. Men i Noreg er dei små, vaska, glatte potetene du finn i butikkane stort sett importerte frå Frankrike.

– Det er synd at nesten 40 prosent av potetene i Noreg blir importerte. Det er ingen grunn til at vi skal måtte importere så mykje poteter, seier bonde Åsmund Bjertnæs.

Saman med kollega Øystein Hoel bestemte han seg for å gjere noko med den franske dominansen, og satsa friskt med å plante 200 mål med småpoteter på Nøtterøy i vår. No har dei nettopp hausta inn dei siste potetene, og pakkane frå den fyrste prøvesesongen er på veg til butikkar over heile landet.

– Vi ønskjer å konkurrere med importpoteta. Målet er å ta importdelen av marknaden, seier Bjertnæs.

Ferskingar
Potetproduksjon er heilt nytt for dei to bøndene, som før har drive mest med salat.

– For to år sidan var omtrent det einaste eg visste at du kunne sette ei potet i bakken så kom det fleire opp igjen, flirer Øystein Hoel.

Dei er sikre på at norske småpoteter med glatt, vaska skal vil slå godt an.

– Når vi i dag importerer 14.000 tonn poteter, er potensialet så klart stort. Vi ønskjer å vere eit norsk alternativ til dei franske Amandine-potetene som til no har dominert butikkhyllene, seier Bjertnæs

Noko av det som har gjort dei franske potetene så attraktive på marknaden, er at du kan ete skalet. Det skal du også kunne gjere med dei norske småpotetene, men då trengst det litt planlegging frå bonden si side. For å få små poteter må du sette dei tett. I tillegg er du avhengig av den rette typen jord, å bruke ein eigna potetsort, og å vatne og gjødsle til rett tid.

– Skalet må bli så reint, fint og glatt skal som mogleg. Det er ei utfordring når ein ikkje er herre over vêr og vind, innrømmer dei ferske potetbøndene.

LES OGSÅ: Folkerop på stygge poteter

Det ytre tel
Som ein del av potetprosjektet har Bjertnæs og Hoel utvikla ein emballasje som skal vise fram potetene på ein best mogleg måte, samtidig som kvaliteten blir teken vare på. På kvar pakke står det litt om produksjonen av delikatessepotetene.

– Noko av ideen med emballasjen er å lære forbrukaren korleis vi lagar mat, å gjere dei nyfikne og interesserte, fortel Åsmund Bjertnæs.

Dei ønskjer dermed å henge seg på trenden der forbrukarane ser ut til å bli stadig meir medvitne om å kjøpe lokalt forankra kvalitetsmat.

– Berre sjå korleis til dømes Rema 1000 satsar på norsk kvalitet. Slik var det ikkje for ti år sidan, då var det berre å kutte prisane med motorsag som gjaldt, seier Bjertnæs.

No håpar han at dei norskproduserte delikatessepotetene kan ta eit stort jafs marknadsdelar frå dei små, franske, som salet har tredobla seg av sidan 2009.

– Vi må lage det Ola og Kari vil ha på kjøkenet.

DELIKAT:- Forbrukarane kjøper med auga. Då er det viktig med reine, fine poteter og lekker innpakning, trur Åsmund Bjertnæs og Øystein Hoel. FOTO: Andrea Øien Sæverud / NPK

Faktaboks

• Bjertnæs&Hoel satsar på produksjonen av norske gourmetpoteter. I haust tok dei opp fyrste avlinga.
• Målet er å konkurrere med importmarknaden og småpoteter frå Frankrike.
• Folva og Asterix er årets sortar. Dei arbeider også med å utvikle nye potetsortar.
• I år hausta Bjertnæs&Hoel 4– 500 tonn poteter frå 200 mål. (©NPK)