Popup-stunt for Jan Roar Leikvoll sine bøker
– Eg las Leikvoll sine bøker for første gong i jula, og vart gripen. Eg berre måtte laga ein eigen bokhandel.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Artikkelen er henta frå Avisa Nordhordland
Det seier Christian Kjelstrup, som til dagleg er forlagsredaktør for Aschehoug forlag.
– Eg har mange andre forfattarar eg likar, og eg les mange hundre manus i året gjennom jobben min. Eg leste for første gong Leikvoll sine bøker i samanheng no i jula, og eg vart sterkt gripen, seier Kjelstrup.
LES OGSÅ: – Han har sett djupe spor
– Eg hadde ikkje noko val, eg berre måtte laga ein popup-bokhandel.
Bokhandel-stunt
Konseptet går ut på at bokhandelen dukkar opp nokre dagar, og forsvinn att. Det vert berre Jan Roar Leikvoll sine bøker som vert selde.
– Eg har kalla bokhandelen «Fiolinanes bokhandel», etter Leikvoll sin bok, «Fiolinane, som var den første eg leste, fortel Kjelstrup.
LES OGSÅ: Brutale Bovara
Han gjorde eit liknande stunt i fjor med «Uroens bokhandel».
– Der selde eg kun «Uroens bok» av Fernando Pessoa. Der selde eg 1600 bøker på ei veke, det gav meirsmak, seier han.
Denne gongen er det Bergen, nærare bestemt Skostredet, som er åstad for popup-stuntet. Frå lørdag 22. til mandag 24. august er bokhandelen open.
Jan Roar Leikvoll døydde i fjor, berre 40 år gammal. Han rakk å gje ut fire bøker i sitt forfattarskap.
Ny bok vert lansert
Denne helga vert den femte boka, «Forkynnaren», lansert, basert på manuskript som Leikvoll etterlet seg.
Søndag vert det stort arrangement på Litteraturhuset i Bergen til minne om Jan Roar Leikvoll, saman med lanseringa av boka.
LES OGSÅ: Forfattar Jan Roar Leikvoll er død
– Det er trist trist for litteraturen at Leikvoll gjekk bort så tidleg, seier Kjelstrup, som håpar så mange som mogleg kjem innom i helga for å oppdaga den unike forfattarskapen til Leikvoll.
Oversetta til kviterussisk
Inntektene frå stuntet går til forfattarar i Kviterussland.
– Jan Roar Leikvoll budde og skreiv i Kviterussland. Salsinntektene vil bli donert til uavhengige kviterussiske forfattarar og oversettarar, og ikkje minst, å få oversett Leikvoll sine bøker til kviterussisk, seier Kjelstrup.
LES OGSÅ: – Riktig å lage bok av dette