Over 60. 000 blir nettmobba

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingen av dei få tiltaka som finst i dag, mot digital mobbing har gitt overbevisande reduksjon av mobbing på nett. Om lag 63.000 barn og unge blir dagleg mobba i Noreg.

LES OGSÅ: Denne boka burde nettmobbarane lese

Ein rapport om digital mobbing frå Folkehelseinstituttet (FHI) viser at det på verdsbasis berre er 17 tiltak mot slik mobbing som er evaluerte godt nok til å kunne seie noko om effekten. Ingen av tiltaka er frå Noreg, som elles er eit føregangsland i arbeidet mot tradisjonell mobbing. Det er laga to kampanjar mot digital mobbing i Noreg, men dei er ikkje evaluerte enno.

– Det er viktig at Noreg tar tak i dette no. Vi er eit land med stor digital dekning og høg digital deltaking blant barn og unge. Vi er raske til å ta i bruk ny teknologi og opplever då både dei heldige og uheldige effektane av det, seier avdelingsdirektør Simon Øverland i Folkehelseinstituttet til NTB.

Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som har bestilt rapporten, som også viser at tiltaka som er evaluerte, ikkje viser særleg reduksjon av mobbinga.

Debatt: Meiner mobbeproblemet er oppblåst