Nynorsk jubel for teiknspråk-MGP

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorskingar jublar for MGP

– Det er viktig å omsetje meir av innhaldet på TV til teiknspråk, seier påtroppande leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre. – Brukarar av teiknspråk har ogso rett på eit godt medietilbod, seier ho.

Ifylgje Wikipedia har Melodi Grand Prix (ESC) 100 millionar sjåarar over heile verda. Det er gjort eit stort arbeid frå austerrikske ÖRF for å omsetje songane og dialogane til programleiarane i dei internasjonale finalane. Tidlegare i år hausta den svenske teiknspråktolken Tommy Krångh i SVT mykje åtgaum.

– At Noreg no fylgjer opp, og omset tv-sendingane er ei god oppfylging av eit medietilbod på teiknspråk. ESC er ei stor hending kvart år, og eg vonar at teiknspråkbrukarar får ei endå større oppleving av årets finale, seier Sætre.

LES OGSÅ: Skulen der alle lærer teikn

Målungdomen har tidlegare uttalt at dei ynskjer ei statusheving for norsk teiknspråk, då landsmøtet i 2013 kravde at norsk teiknspråk skulle få lovfesta status som språk i Noreg.

TA QUIZEN: Språkdirektørens teiknspråkquiz