Nynorsk for dumskallar og spanjolar

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alejandro Gómez Villanueva (26) kjem frå ein liten by sør i Spania. Etter å ha budd ei stund i England, bestemte han seg for å prøve Noreg. Han er glad i natur, og ein månad seinare sat han på flyet. 

26-åringen fekk jobb i Unicef, der store delar av arbeidet gjekk føre seg på engelsk. Seinare fekk han jobb som barista på ein kafé i Bergen, der det norske språket vart eit viktig grep for å bli kjend med folk.

– Å vise at ein prøver å læra seg språket gjer folk meir nysgjerrige, og kanskje mindre redde for å forplikta seg som ven, forklarar Villanueva.

Vener gjorde læringa lettare
Etter at han byrja prata meir med kundar, kollegaar og nye vener, kom språket nokså raskt.

– Eg fekk vener gjennom kaféen, kor og song. Her var det folk frå heile Vestlandet, smiler 26-åringen.

Vestlandsvenene har fått mykje å seie for språkutviklinga hans vidare.

– I starten prøvde eg jo å prata slik som her i Bergen, på bergensdialekt. Etterkvart som eg fekk vener frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre, fatta eg interesse for desse dialektane og vart etterkvart introdusert for nynorsk, fortel Villanueva .

Spanjolen er glad i språk og litteratur, og seier at det er litteraturen som verkeleg opna augo hans for nynorsk.

– Det starta med at eg fekk ei nynorsk-omsetjing av Fredrico Garcia, ein poet frå sør-Spania, til julegåve. Etterkvart byrja eg lese Ragnar Hovland og Olav H. Hauge, og syntest det var så vakkert, fortel han vidare.

Identifiserer seg med nynorsk
Etter nokre år i landet, bestemte han seg for å ta Bergenstesten for å kunne søke opptak ved Universitetet i Bergen. Då kom også valet om målform, og han landa raskt på at det måtte bli nynorsk.

– Dei aller fleste som lærer seg norsk, lærer jo bokmål. Men det er jo eigentleg ingen forskjell for meg. Eg kom til landet og kunne jo ingen av delene, så då var det fint å kunne velge det eg likte best og identifiserte meg mest med.

At ein spanjol frå Malaga i Andalucia identifiserer seg med nynorsken, høyres kanskje litt spesielt ut.

– Hehe, ja. Eg trur det kjem av at nynorsk og nynorsk-liknande dialektar i Noreg, blir sett på likt som dialekta mi i Spania. Koseleg, litt søt, og bondsk. Samstundes er det eit svært rikt skriftspråk, og eg syns det er veldig vakkert.

Utradisjonell førebuing
Førebuinga til testen har ikkje vore svært avansert, men kanskje litt alternativ til korleis bokmålsstudentane gjer det. 

Villanueva har nytta nynorskavisa Dag og Tid og kulturtidsskriftet Syn og Segn som læremateriell.

– I tillegg fann eg denne boka som såg litt morsom ut, med mykje god informasjon om både grammatikk og språkhistoria i landet, forklarar han medan han held opp Nynorsk for dumskallar av Kristin Fridtun.

26-åringen starta på ein bachelorgrad i kunsthistorie i Spania. Håpet er å få gjere ferdig siste året ved Universitetet i Bergen. Etter det drøymer han om å arbeida som omsetjar.

– Det hadde vore kjekt å omsetja frå bokmål og nynorsk til spansk. Det er diverre ikkje så mange som gjer dette i dag, fortel han.

LES OGSÅ:

INNLEGG: «Det er ikkje enkelt å vera nynorsking på norskkurs i Oslo»

INTERVJU: Ein nynorskguru frå Holmlia