Ny rapport styrkjer ferjefri E39

Ein ny rapport viser at utbygging av ferjefri E39 vil føre til fleire og sterkare klyngebedrifter og større vekst. Verdiskapinga vil bli større enn ein hittil har trudd.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Styrkjer ferjefri E39

Det er Torger Reve og Marius Nordkvelde ved BI som har laga rapporten på oppdrag frå Statens vegvesen. Ifølgje NRK.no meiner Reve betre veg fører til meir næringsliv.

– Du får ein sterkare arbeidsmarknad og næringsliv. Næringsutviklinga vil stagnere dersom prosjektet ikkje blir realisert, seier Reve.

LES OGSÅ: Slik kan Vestlandet bli ferjefritt

Ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim vil koste cirka 100 milliardar kroner og vil redusere køyretida mellom dei to byane frå 10 til 13 timar. (©NPK)