Norske klesprisar halvert på ti år
Nordmenn bruker berre fire prosent av inntekta si på kle.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Prisane halvert på ti år
I fjor vart det importert klede og tilbehør for 16,2 milliardar kroner. Det er ny rekord og vel 46 prosent meir enn for ti år sidan. Prisane er også halvert i same periode.
Det er tal frå Statistisk sentralbyrå, korrigert mot konsumprisindeksen, som viser at prisane på klede og skotøy i Noreg er halvert i tidsrommet mellom 1999 og 2012, skriv Vårt Land.
På 50-talet brukte nordmenn 15 prosent av inntektene sine på klede, i dag utgjer klesutgifter berre rundt 4 prosent, viser statistikken.
Auken i klesimporten kjem samtidig som forbrukarane på nytt har fått innsyn i arbeidsvilkåra til ein del av dei som jobbar med å sy klede.
LES OGSÅ: Vil vise deg billig mote
I helga omkom minst 111 kvinner i ein brann i ein tekstilfabrikk i Bangladesh. Kvinnene på nattskiftet hevdar leiinga låste portane og kommanderte dei tilbake i arbeid då fabrikken begynte å brenne.
Samstundes har svensk TV4 avslørt at tekstilarbeidarar i Kambodsja får ei lønn på tre kroner timen.
Fleire store internasjonale kleskjeder får kleda sine sydd i slike lågkostland. Kleda blir billegare fordi dei blir produsert i land med heilt andre lønnsvilkår enn i Noreg. Når dei blir billegare, kjøper vi også meir.
– Kleda vi kjøper har lik i lasta, meiner Ingunn Grimstad Klepp, forskingsleiar ved Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) og ekspert på nordmenns klesvanar.
LES OGSÅ: Skal du vera med på leiken, må du tola steiken
– Det er naivt å tru at kleda blir så billege utan at det går ut over dei som produserer dei, seier ho og ber nordmenn om å endre klesvanane sine.
– Vi treng ikkje fleire, men betre klede for å bli velkledd. Viss vi kjøper klede av betre kvalitet, og dermed betalar det det kostar å produsere eit plagg, vil både miljø og tekstilarbeidarar få det betre, meiner Klepp. (©NPK)
Kan ein gjera noko for å sikra at kle ikkje er laga med hjelp av barnearbeid eller underbetalt arbeidskraft? Kva?