Noregs mest attraktive stad
Ulstein kommune er kåra til vinnar av Statens pris for attraktiv stad 2012.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Folk i Ulsteinvik har gjennom svært mange år klart å samarbeide gjennom kommunen, næringslivet, kulturlivet og det frivillige organisasjonslivet. Det er difor Ulsteinvik kan vise fram resultat som gjer at juryen no har kåra folka på staden til vinnarar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Den nye, årlege kåringa skal framheve og heidre kommunar og andre som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktiv stad å bu, arbeide, drive næring og besøke.
– Gjennom denne prisen håpar eg å vise fram at slikt langsiktig, målretta og breitt samarbeid nyttar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.
Arbeid med lang historie
Ulstein kommune laga ein grundig tettstadanalyse alt i 1999. Kommunen var aktiv i det såkalla Tettstadprogrammet og arbeider framleis medvite og breitt for å utvikle staden i breitt samarbeid.
– Det breie og langsiktige samarbeidet er ein raud tråd i arbeidet rundt Ulstein sin kommuneplan. Visjonen er: Ulstein – i samspel for trivsel og utvikling, framhevar statsråd Navarsete.
Statsråd Navarsete overrekkjer sjølv prisen, som er ei pengegåve på 250 000 kroner. Pengane skal brukas til å ruste opp Ulsteinvik endå meir.