– Nettverksbygging gjev lettare jobb

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nettverksbygging gjev lettare jobb

Nettverksbygging mellom studentar og bedrifter er eit viktig fokus på Noregs Handelshøgskule (NHH). Studentane organiserer i stor grad kontakten med næringslivet sjølv, men fagstaben legg mykje til rette for studentane.

Kenneth Fjell, dekan for masterutdanninga ved NHH, meiner nettverksbygging er verdifull og ofte leier fram til den første tilsetjinga for ein student. Ifølgje Fjell er 70 prosent av masterstudentane ved NHH tilsett før studia er avslutta.

Motiverte studentar
– Studentane våre er generelt veldig orienterte mot næringslivet og motiverte for kontakt. Fagstaben bidreg ved å inkludere gjesteførelesarar frå næringslivet og i nokre tilfelle arrangere vitjingar hjå bedrifter. Mange masteroppgåver blir òg skrive i samarbeid med næringslivet, fortel Fjell.

Òg ved Handelshøgskulen BI står nettverk i fokus. Kommunikasjonsdirektør Janne Log kan fortelje at BI mellom anna har internasjonale nettverksgrupper i heile 29 land.

Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) blir det halde eit overordna fokus på å presentere studentar for arbeidslivet. Ifølgje Ingrid Christensen, seksjonssjef ved fakultetet, er det sett i gong praksisprosjekt ved dei enkelte institutta med mål om at ordninga skal innførast på heile fakultetet. I dag er det ikkje mogleg å administrere den enkelte studenten.

Studentane sitt ansvar
– Eg forventar ingenting frå UiB, fortel Fanny Homlung, student ved Det humanistiske fakultet (HF).

Ho ser helst at det var mindre opp til studentane sjølve å oppsøke informasjon om arbeidslivet. Samtidig trur ho eit stort fokus på nettverksbygging kan skape press.

Gjert Kristoffersen, dekan ved Det humanistiske fakultet, meiner fakultetet ikkje har kome langt med nettverksbygging. Han tror det kan kome av at dei ikkje tilbyr profesjonsstudie som leiar fram til bestemte yrke.

– Studenten må sjølv ta hovudansvaret. Mange som studerer ved HF vel ut i frå interessa for faget og ikkje eit spesifikt yrke det fører til, seier han.

LES MEIR OM YRKESVAL HER!

Kristoffersen meiner det viktigaste bør vere å få jobb på grunnlag av kvalifikasjonar og ikkje kven du kjenner.

Ein vinn-vinn-situasjon
– Dersom studiestaden kan hjelpe studentane med å formidle den første kontakten til arbeidsgjevar, er dette gull verd, meiner dagleg leiar av selskapet Alumnia AS og ekspert på nettverksbygging, Kerstin Marthinsen.

Ho ser på nettverksbygging som like viktig uansett studieretning. Studentane bør vere aktive, ta initiativ og syne at dei har noko å tilby.

– Kvalifikasjonar er naudsynt i botnen, men eit godt nettverk kan gera deg synleg i mengda, seier Marthinsen.

Ho ser på nettverksbygging som ein vinn-vinn-situasjon mellom begge partar, der studiestadane kan få hjelp med oppgåver, eksterne førelesarar og omdømmebygging mot lærestaden.
Marthinsen trur Universitetet har ei større utfordring enn BI og NHH.

– Mi erfaring er at det er lettare å få til nettverksbygging i mindre, homogene eningar enn dei store einingane med mange ulike fagområde, seier ho.

Les saka på Studvest.no!