Moods of Norway mot Moose of Norway

Moods of Norway likar dårleg at eit trøndelagsfirma sel T-skjorter og mobildeksel med bilete av ein elg og teksten «Moose of Norway».

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Traktor-motehus truar elg-mote

Dermed har grossisten Brødrene Flaarønning i Sør-Trøndelag fått beskjed om å få elgprodukta vekk frå hyllene i suvenirbutikkane, melder NRK.no.

Moods of Norway hevdar grossistfirmaet krenker varemerket deira ved å selje produkt med teksten «Moose of Norway», heiter det i eit brev som forhandlarane har fått frå Brødrene Flaarønning.

I brevet går det fram at Moods of Norway truar med å gå til erstatningssøksmål dersom «Moose Of Norway»-produkta blir selt etter 1. mars.

LES OGSÅ: Cocktail- og traktoravhengig

PR- og kommunikasjonssjef Liv Greben i Moods of Norway er svært lite lysten på å kommentere saka overfor NRK.

– Vi meinte at det var forvekslingsfare, men dette er ei sak som har vore ganske grei å handtere. Utover det ønskjer eg ikkje å seie noko meir, seier Greben. (©NPK)