Meiningsmåling: Skotsk fleirtal for sjølvstende

Dei siste tala viser at fleirtalet av skottane no vil ut av Storbritannia. Nei-sida kallar det ein vekkar.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skotsk fleirtal for sjølvstende

Det er ti dagar til skottane skal svara på eit enkelt, men likevel vanskeleg spørsmål. Skal dei skilja seg frå Storbritannia?

Lenge har idéen virka fjern – men i den siste meiningsmålinga gjort i Skottland var det faktisk fleirtal for sjølvstende.

LES OGSÅ: Kvifor vil skottane ut av Storbritannia?

Første gong
Ja-sida, leia av den skotske førsteministeren Alex Salmond, fekk 51 prosent støtte, medan nei-sida «Better together» med den tidlegare finansministeren Alistair Darling i spissen, fekk 49 prosent då dei som ikkje hadde bestemt seg ikkje vart rekna med.

Dette er første gong ja-sida har hatt fleirtalet på meiningsmålingane, etter å ha jobba seg sakte oppover gjennom sommaren.

– Ein vekkar
Det var YouGov som tok målinga for Sunday Times denne helga, skriv The Guardian. Dei siterer og Alistair Darling, leiaren av nei-sida.

– Denne meiningsmålinga kan og må vera ein vekkar for alle som trudde restultatet av folkeavstemminga var gitt på førehand, sa Darling.

LES OGSÅ: Dette kan skje med eit sjølvstendig Skottland