Meiner Norge må hjelpa dei nigerianske jentene

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Celine (14) sendte brev til Erna i dag

– Eg fekk vondt inni meg då eg leste om denne saka. Eg blir så lei meg, seier Celine Huse.

14. april blei 276 skulejenter kidnappa av Boko Haram i den nordaustlege byen Chibok, i delstaten Borno.

– Eg har høyrt at dei blir brukt til sexslavar og misbrukt på det verste. Me er eit rikt land med mange ressursar, så me bør bidra, held Huse fram.

bringbackourgirls1

Justin Timberlake og Michelle Obama er blant dei mange som har tvitra under emneknaggen for å visa si støtte til saka. Skjermdump: TWITTER

LES OGSÅ: – Sei di meining om verda

Publiserer propaganda
Boko Haram, som vil islamisera verda etter si tolking, har publisert ei rekkje videoar sidan dei kidnappa jentene.

I ein av dei, står terrorleiaren Abubakar Shekau fram med eit AK-47 maskingæver og sa følgjande om skuleborna:

«Berre fordi eg bortfører nokre små jenter som tok vestleg utdanning, lagar eg bråk. Eg bortfører jentene dykkar. Det er ein marknad for å selja menneske. Allah befaler meg å selja dei.»

LES OGSÅ: Jævla feministhore

Brev-håp
I eit brev til statsminister Erna Solberg (H) håpar Huse at saka skal bli lagt merke til også i Norge.

– Det har ikkje vore mykje skriveri her heime om desse stakkars jentene. Eg finn det meste på Nigerianske-nyheitssider, fortel Huse.

Sjølv fekk ho vita om saka gjennom ei skuleoppgåve i samfunnsfag.

– Sidan eg laga den oppgåva har eg ikkje klart å tenkja på andre ting, seier Huse.

LES OGSÅ: Framleis problematisk å vera open

Faktaboks

Dette er Boko Haram:

Sunnimuslimsk gruppe grunnlagt i Maiduguri i Nord-Nigeria i 2002.

Står for ei sterk, fundamentalistisk tolking av islam, ikkje ulik salafistane si.
Boko Haram kom etter kvart på kant med lokale religiøse og ikkje-religiøse maktstrukturar.

Sidan 2009 har gruppa drepe tusenvis av menneske.

I august 2011 sprengde gruppa ei bilbombe ved 

FN-hovudkvarteret i Abuja. 24 menneske vart drepne.