Meiner nett-troll bør få bøter

Nokre meiner Linn Winsnes Rosenborg fortener å bli valdteken. Samfunnsdebattanten meiner fleire nett-troll bør bli straffeforfølgt.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil straffa nett-troll

–  Lovverket er tydeleg. Kvifor ikkje bruke det? Å bli bøtelagt er ei påkjenning, om ein så får ei bot på 1000 kroner.

Bloggar og samfunnsdebattant Linn Winsnes Rosenborg har kjent på det tøffe debattklimaet på nett.  Ho meiner det er på tide at rettsvesenet tek i bruk lovverket, for å redusera hatefulle, rasistiske og diskriminerande ytringar på nett.

32-åringen understrekar at ho ikkje meiner at folk skal verte fengsla for å skrive «hore» på nett, men trur at straffetiltak, saman med haldningsskapande arbeid, må til for å koma det beinharde ytringsklimaet til livs.

– Ein må opplysa meir om ytringsfridomen som paradoks – og ytringsansvar. At ytringsfridomen ikkje er absolutt.  Me har eit lovverk som skal hindra folk i å ytra seg hatefullt, rasistisk og diskriminerande på nett. Kor lenge skal me sjå på at så mange ytrar seg på den måten og gøymer seg bak det å utøva ytringsfridom? 

DEBATT: «Jævla feministhore»

«Voldtatt i både hodet og ræva»
I januar i år vart Rosenborg invitert til å halda eit innlegg i Mediemangfaldsutvalet, som skal levera sin rapport i mars 2017. Då løfta ho fram korleis kvinner som ytrar seg vert møtt og kva kan ein gjera for at kvinner ikkje vert skremt bort frå debatten.

– Eg synes det er bra at fleire engasjerer seg i debatten, for då kjem meir av den dritten fram, som synleggjer kvifor me må engasjera oss.

Rosenborg veit godt kva det vil seie å verte hetsa på nett. I Nettavisen-bloggen «Kommentarfeltet» skriv ho om mellom anna om feminisme og innvandring, tema som er kjent for å setje kommentarfelttroll i fyr og flamme.

Rosenborg er med andre ord van med krasse kommentarar, men då ho i byrjinga av februar publiserte innlegget «Ikke din kvinne!» tok det heilt av. Over 2000 kommentarar har kome på Facebook og i kommentarfeltet. Overveldande mykje er negative personangrep.

Skribenten vert omtala som «en totalt evneveik, åndssvak og hjernevasket kvinne», «en forræder mot kvinnekjønnet» og «voldtatt i både hodet og ræva».

LES OGSÅ: Oda (25) vil ikkje bli brukt i hatpropaganda

Kvinnehetsen
Rosenborg meiner det er viktig å engasjera seg i den type retorikk som dominerer debatt på nett. Ho peikar på at både menn og kvinner får hatmeldingar når dei ytrar seg på nett – særleg om tema som innvandring.  Likevel ser ho tydeleg forskjell på tilbakemeldingane.

– Eg opplever at kvinner får ein anna type reaksjonar enn det menn får. Ein får ofte får meir seksualiserte kommentarar. Det er mykje meir nedlatande og direkte kvinnefiendtlege kommentarar. Ein blir jo kalla så mykje jævlig, seier Rosenborg, som er nøydd til å ha skjult telefonnummer.

Samfunnsdebattanten meiner det er svært viktig å løfta fram den hetsen kvinner som ytrar seg på nett vert utsett for.

– Kva går igjen i kommentarane du får?

– At eg fortener å bli voldtatt – av innvandrarar. Gjerne gruppevoldtatt av somaliarar. At eg «lyster etter arabarpikk». Er landssviker. At eg er uintelligent og dum. Det er ein typisk hersketeknikk, seier Rosenborg, som òg har vorte kalla eit «feministisk nek».

DEBATT: Sosiale medier skremmer foreldra

Forferdelege foster-bilete
Sjølv om mange gøymer seg bak dekknamn, ser Rosenborg ser kva IP-adresser som kommenterer og at nokre er gjengangarar.

Ved eitt høve har ho vore nøydd til å politimelde. Ein person sendte ho trugslar saman med bilete av aborterte foster og babyar, som er hengt i sine eigne tarmar.

Rosenborg meiner det er viktig at fleire rapporterer. Det kan ein enkelt gjere via Kripos si tips-side for rasistiske ytringar på nett.

Der kan ein senda inn nettsider, IP-adresser og skjermdump av trugande eller hatefulle ytringar.

Å rapportera dette er ifølgje Rosenborg viktig, både for at politiet skal få kjennskap til omfanget av problemet, men òg fordi ein ikkje veit kva andre opplysningar politiet sit på om desse personane.

LES OGSÅ: Politiet uroa for nettmobbing

Politiet på Facebook
– Ytringsfridomen i Noreg er vid, så det skal mykje til for at ei ytring  er straffbar, men dette er det politiets jobb å vurdera, skriv presseansvarleg i Kripos Ida Dahl Nilssen i ein e-post til Framtida.

Ho oppmodar alle som meiner seg utsett for straffbare forhold eller som oppdagar noko dei meiner er straffbart, til å ta kontakt med politiet.

Politiet har den siste tida auka sin innsats på nett. I fjor haust kom Facebook-gruppa «Politiets nettpatrulje- Kripos», som jobbar førebyggande. Dei deler informasjon om kva som er lov og ikkje lov på internett og går i aktiv dialog med andre brukarar om desse grensene.

I fjor fekk Kripos inn 165 tips om rasistiske ytringar på nett. Så langt i år har dei fått inn 80 tips i same kategori.

Slike ytringar kjem inn under straffelovas § 185 og kan straffast med bot eller fengsel i inntil tre år.

Kripos gjer innleiande undersøkingar for å finne ut om ytringa er straffbar, før dei eventuelt sender det vidare til politidistrikta.

LES OGSÅ: Nettplaging kan vera kriminelt

Smaklaust, men lovleg
Kripos har ikkje tal på kor mange som vert straffa, sidan det er lokalt politi som handhevar sakene.

– Det er nok ofte slik at både smaklause og støytande ytringar, likevel er fullt ut lovlege å kome med. Politiet må halde seg til det lovgjevarane har definert som straffbart, understrekar Nilssen.

Ho fortel at den auka nettinnsatsen har ført til at fleire tipsar om hatefulle ytringar på nett.

– Av det me får inn gjennom tipstenesta tips.kripos.no ser me at det i nokre periodar er ein ganske hissig og sint stemning i forskjellige fora på nettet. Me ser med uro på korleis dette debattklimaet forsterkar seg sjølv, og potensielt bidreg til både straffbare ytringar, trugslar og i siste instans òg valdelige handlingar, avsluttar Nilssen.

LES OGSÅ: Denne boka burde nettmobbarane lese

Kommentarstopp
Fleire nettaviser har i det siste avgjort å stengje kommentarfelta sine, fordi det skapar meir hat og hets enn sakleg debatt.

Nettavisen – som Rosenborg bloggar for – har innført ei ordning der brukarane må registrere seg med mobiltelefonen sin, slik vert det vanskelegare å opprette nye brukarar, dersom ein vert utestengt for sine kommentarfeltytringar.

Nyheitsredaktør Erik Stephansen fortel at dei etter berre nokre månadar opplever ein positiv effekt.

– Me har hatt ein teori om at det er 50-100 nettroll, som har mellom 30 og 50 kontoar, som dei bruker til å terrorisere medie-Noreg. Me har utestengt eit titals brukarar. Forskjellen no er at mykje av sjikanen er vekke og me får fleire vanlege tilbakemeldingar, seier Stephansen,  som forklarar at målet er å oppnå meir fagleg debatt og ueinigheit i kommentarfelt – eit debattklima som gjer at vanlege brukarar vågar å ytra seg.

LES OGSÅ: – Må svara når menneskeverdet blir krenkt

Fram i lyset
Pedagogen Rosenborg trur på opplysning og utdanning, og vert stadig overraska over kor lite folk veit om situasjonen.

– Det forbausar meg litt at folk framleis vert overraska når eg deler ein kommentar der nokon skriv at eg «fortener å bli voldtatt så hardt i munnen av negerpikk at tennene mine fell ut», seier Rosenborg oppgitt.

Ho ynskjer seg eit betre debattklima på nett og er overtydd om at straffeforfølging og  opplysning, er betre tiltak enn å moderera, sensurera eller hengja ut nettroll.

Faktaboks

§ 135 a. Den som forsettlig eller grovt uaktsomt offentlig setter frem en diskriminerende eller hatefull ytring, straffes med bøter eller fengsel inntil 3 år. Som ytring regnes også bruk av symboler. Medvirkning straffes på samme måte.

Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres hudfarge eller nasjonale eller etniske opprinnelse, religion eller livssyn, homofile legning, leveform eller orientering, eller nedsatte funksjonsevne.

§ 185. Hatefulle ytringer

Med bot eller fengsel inntil 3 år straffes den som forsettlig eller grovt uaktsomt offentlig setter frem en diskriminerende eller hatefull ytring. Som ytring regnes også bruk av symboler. Den som i andres nærvær forsettlig eller grovt uaktsomt fremsetter en slik ytring overfor en som rammes av denne, jf. annet ledd, straffes med bot eller fengsel inntil 1 år.

Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres hudfarge eller nasjonale eller etniske opprinnelse, religion eller livssyn, homofile orientering, eller nedsatte funksjonsevne.

Kjelde: Lovdata

Her finn du Kripos si tips-side for rasistiske ytringar på nett