– Media skremmer foreldre før skulestart
Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) minner om at dei fleste elevane har det bra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Skremmer foreldre før skulestart
Overvekt av negative nyheiter om norsk skulegang fører til engstelege foreldre.
FUG-leiar Elisabeth S. Gundersen har fått med seg fleire overskrifter dei siste vekene, om små og store barn som gruar seg til skulestart, forventningspress, lekser og redsel for einsemd og mobbing. Ho saknar ei realitetsorientering:
– Det er sjølvsagt veldig viktig at dei som slit skal takast på alvor. Men det meste er bra i skulen, så det er også viktig å få fram dette, slik at ikkje elevar og vaksne gruar seg unødvendig. Samanlikna med kor mange som går på skule i Noreg, får vi svært få meldingar, seier Gundersen til NTB.
Sjølv om dei heller ikkje blir nedringde av folk som ønskjer å fortelje kor bra den norske skulen er, har ho masse eksempel på alt ein kan glede seg over i norsk skule:
– Eg skulle gjerne hatt fire gladsaker i veka, eg, om skuler og foreldre som gjer noko bra. Men media vinklar mot det negative. (©NPK)