– Me bør produsera meir frå norsk industri, ikkje mindre

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får kjeft etter klimakonferanse

«Broen til framtiden», klimakonferansen for fagrøyrsla, kyrkja og miljørøyrsla, inviterte ein bunt med klimaprofilar til å diskutera mellom anna korleis me skal skaffa 100.000 klimajobbar.

Debattane gjennom dagen har skapt reaksjonar – spesielt når Arbeiderpartiet-leiar Jonas Gahr Støre gjekk på scena saman med Nikolai Astrup, Høgre sin klimapolitiske talsmann.

Som representant for regjeringa fekk Astrup over 10.300 underskrifter i hendene for å garantera grøne jobbar.

– Det er veldig viktig at folk engasjerer seg, me er opptekne av å skapa nye klimajobbar. Me må kunne ha to tankar i hovudet på same tid. Det betyr ikkje at me skal bygga ned olje- og gassnæringa i morgon, men me må heile tida jobba for å skapa nye, grøne arbeidsplassar. Omstillinga startar no, sa Astrup.

LES OGSÅ: Abu Dhabi: Olje kan ikkje matcha solkraft

Fekk Twitter-kjeft
Så kjem Jonas Gahr Støre på scena.

– Eg skulle ønska det var eg som tok imot desse underskriftene no, men det er altså han for tida, sa Støre og retta seg spøkefullt mot Astrup.

Dei to stilte til debatt om mellom anna korleis me skal nå dei 100.000 klimajobbane. Fleire andre tema vart òg diskutert – som søndagsopne butikkar, og korleis klima skal unngå å bli ein tapar i valkampen til hausten.

– Eg har ikkje møtt nokon som seier dei skal gjera klima til taparen i valkampen. I går var eg i Nord-Trøndelag, og det meste eg såg der handla om å gjera klima til vinnaren, sa Støre, som virka optimistisk.

Eit tema vart derimot lite diskutert – korleis Noreg skal gå vekk frå olje- og gassproduksjon.

 

LES OGSÅ: – Ap fortset i blind oljerus

– Let ungdommen sitja igjen med fyllesjuka
Gaute Eiterjord, 2. nestleiar i Natur og Ungdom, var ein av dei som reagerte.

– Utvinningstempo er eit ikkje-tema dei skydde som pesten. Nyleg kom rapport som viser at all olje i nordområda må bli liggande om me skal avgrensa global oppvarming. Likevel ser ikkje dei to største partia våre at samanhengen mellom å tillata 23. konsesjonsrunde og oljebonanza i Arktis, at iskanten smeltar og at klimaet blir varmare.

Rapporten Eiterjord syner til er laga av University College of London, og er ei oversikt over kva olje- og gassreservar som må ligga urørt om verda skal nå togradersmålet. Den syner at ein tredjedel av oljereservane, halvparten av gassen og over 80 prosent av kolreservane i verda må bli liggande om me skal nå togradersmålet.

Det er ikkje Arbeiderpartiet og Høgre innstilt på å gjera, meiner Eiterjord.

– Dei er fast bestemt på å halda fram oljefesten fullt ut og la ungdommen sitja igjen med fyllesjuka.

LES OGSÅ: – Ikkje rart at folk har klimafiendtleg åtferd

To tankar i hovudet på ein gong
Nikolai Astrup (H) argumenterte på klimakonferansen for at norsk produksjon er meir miljøvennleg enn i andre land, og at me difor må rekna med noko utslepp.

– Når alle gler seg over at Hydro no vil investera fire milliardar kroner i eit nytt pilotprosjekt for aluminiumsproduksjon, vil det trenga eit utsleppsløyve. Me har overskot på fornybar energi. Me bør faktisk produsera meir frå norsk industri, ikkje mindre. Og det er grøne jobbar i mi bok, sa Astrup.

Han siktar til Hydro sine planar om å bygga eit enormt aluminiumsanlegg på Karmøy, som skal ha verdas minste CO2-avtrykk.

– Men det kjem til å bety at det blir utslepp, også frå verdas mest miljøvennlege aluminiumsverk. Det betyr at dei som flatt seier at me ikkje skal sleppa ut meir enn 20 millionar tonn klimagassar i 2030, vil faktisk auka globale utsleppa. For som ein konsekvens så flyttar produksjonen som er basert på norsk vasskraft til land som er basert på kolkraft, og då blir utsleppa sju-åttedobla. Derfor må me ha to tankar i hovudet på ein gong.

LES OGSÅ: Unge bryr seg meir om klima

Eit gamalt argument
– Argumentet om at norsk olje og gass erstattar skitnare kolkraft i Europa, og at utsleppa derfor går opp utan norsk gass, byrjar å bli temmeleg gamalt. Dessutan blir det ikkje meir sant av at Ap og Høgre gjentek det så ofte dei kan. Olje og kol blir brukt til ulike ting – kol til elektrisitet og olje til mellom anna oppvarming og drivstoff. Altså vil redusert oljeproduksjon og auka fornybarproduksjon få utsleppa til å gå ned, seier Gaute Eiterjord.

Astrup påpeiker i debatten at oljeproduksjonen til Noreg har gått kraftig ned, og at det no er gass det blir satsa på – som gir mindre utslepp enn kol, og kan brukast til elektrisitet. Eiterjord er meir skeptisk til det – gass er reinare enn kol, men forsarar meiner og noko av vinninga forsvinn i mellom anna distribusjon og bruk.

– Spør du meg blir det uansett som å velja mellom pest og kolera, sidan også olje og gass må bli liggande om me skal avgrensa klimaendringane. Det er også eit poeng at olje og gass ikkje ligg fordelt med olje på eit felt og gass på eit anna, oljeplattformar vil få opp litt av kvart.

Konklusjonen frå Nikolai Astrup var at me skal kutta ned på olje og gass – men ikkje heilt enno.

– Om det hadde ein stor klimaeffekt å stenga norsk klima- og gassaktivitet innan 10 år, hadde eg vore for. Men det har det ikkje. Tvert imot, det set oss heller i ein dårleg posisjon for å ta det store løftet som er naudsynt.

LES OGSÅ: Polarisen sluker CO2

Faktaboks

«Broen til framtiden» vart arrangert fredag 13. mars i Oslo.

Fleire representantar frå fagrøyrsla, miljørøyrsla, kyrkja og politikken samlast for å sjå på mellom anna korleis ein kan sikra grøne jobbar i framtida.

Mellom anna var Nikolai Astrup, klimapolitisk talsmann frå Høgre, og Jonas Gahr Støre, leiar i Arbeiderpartiet til stades for å møtast til debatt.

Dei fekk mykje kritikk for å unngå oljespørsmålet, mellom anna frå nestleiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord.