Love me Tinder

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Kynisk» datingapp erobrar Noreg, melde statskanalens nettavis for eit par år sidan. Tinder har skulda for at fleire får kjønnsjukdommar, fortalde Avisa Nordland same år.

Appen, som over 500.000 trykkjer til sitt hjarte, eller snarare trykkjer tommelen til, har blitt kritisert for alt mogleg. Ikkje berre utfordrar den personvernet, men den bidreg til eit overflatisk samfunn, med fleire one night stands og meir utroskap, vert det hevda.

Upåverka av kritikken sveipar hundretusenvis av nordmenn vidare. Det same gjer over 1 milliard andre i verda. Appen er difor sjølvsagt interessant også for forskarar og studentar. Og éin av studiane utfordrar myten om at det er tilfeldig sex som er det viktigaste målet for brukarane.

Les også: Opne armane – få fleire Tinder-treff

Ulike formål
I ein artikkel publisert i journalen Telematics and Informatics (2016), undersøker forskarane kvifor unge brukar appen. Studien tok føre seg haldningar til Tinder blant nederlandske 18- til 30-åringar, som svara på den nettbaserte undersøkinga.

Forskarane fann at dei brukte Tinder til ulike formål. Nokre leita etter kjærleiken, nokre etter tilfeldig sex. Nokre brukte appen fordi den gjorde kommunikasjon lettare, nokre for å få sjølvbekrefting, andre på grunn av spaning, eller fordi det var trendy.

Les også: Frå dans på lokalet til Tinder

I motsetnad til kritikken mot Tinder-appen for å bidra til lite anna enn overflatisk vurdering og tilfeldig sex, fann forskarane at kjærleik var ein viktigare motivasjon enn sex for deltakarane i undersøkinga. Samstundes var det fleire menn enn kvinner som lista sex som ein viktig motivasjon.

Andre undersøkingar nyanserer biletet. Ein studie gjort ved NTNU, syner til dømes at 47 prosent ønskte å finne ein partnar på Tinder. Målet om eit forhold var viktigare for brukarane over 26 år. Og faktisk var det ein del av brukarane som fann vener og andre typar relasjonar på Tinder – heile 44 prosent brukte appen slik.

Bilete er viktigast
Men anten ein leiter etter kjærleik eller andre mål med sveipinga – det er liten tvil om at bileta er det viktigaste kriteriet brukarane vurderer kvarandre etter.

Ein masterstudie i sosologi frå NTNU, som tek føre seg korleis Tinder-brukarane avgjer om dei skal sveipe til høgre eller til venstre i appen, tyder til dømes på at det er bileta som er viktigast på Tinder. Somme av informantane meinte til og med at det å ha profiltekst framstod som desperat.

Informantane i studien, som alle er unge vaksne, brukte kulissar, rekvisita og utsmykking for å presentere seg sjølv, og valde ein mest mogleg attraktiv sjølvpresentasjon. Dei unngjekk også usanningar som er lette å oppdage om ein møtast.

Chatten gjorde det mogleg å vere strategiske i korleis dei framstiller seg sjølv, og fleire informantar sat pris på betenkningstida som teknologien gir.

Slik vel dei seg ut matchar på Tinder
Ifølgje masteroppgåva frå NTNU, tykte mange at profilane på Tinder ser like ut, og dei hadde difor metodar for å sortere og avsløre misrepresentasjon. Fleire fortalde til dømes at dei vel bort menn som har bilete av andre kvinner eller som har bilete av seg sjølv med lite klede. Somme likte brukarar som hadde hund på bilete og tolka dette som eit teikn på at ein er omsorgsfull.

Informantane likte ikkje bilete der ein berre såg hovudet på personen, der det var mange på biletet, eller der alle bileta var sjølviar. Utydelege bilete vart forstått som at nokon har noko å skjule.

Les også: Kjærleik er ikkje lettare på nett