Laurdagsposten viktig i distrikta
Folk i distrikta er meir opptekne av å få post på laurdagen enn folk som bur i dei store byane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Laurdagsposten viktigast her
Postombering seks dagar i veka får høgare støtte på bygda enn i byane. Ein tredel av dei spurde i ei undersøking Sentio har gjort for Nationen, seier at det er svært viktig for dei å få post seks dagar i veka.
Kvinner, folk over 60 år og folk som bur på bygda er meir opptekne av laurdagspost enn andre, syner undersøkinga. 45 prosent av folk i grisgrendte strok syns laurdagsposten er viktig, mot berre 28 prosent i Oslo.
LES OGSÅ: Posten kuttar ut veglause Eikemo
– At så mange meiner post seks dagar i veka er viktig, syner kva posten tyder. Det er ikkje overraskande at folk i distrikta er mest positive. Laurdagspost er viktig mellom anna for å få lokalaviser. Det handlar også om at næringslivet treng å få sendingar i posten, seier politisk rådgjevar Sigrid Brattabø Handegard (Sp) i Samferdselsdepartementet.
I 2012 vart det sendt 37,3 millionar pakkar og 2,21 millionar brev i Noreg. Sidan 2000 er talet på sende brev gått ned med 40 prosent.
LES OGSÅ: Farleg å bu i utkantstrok