Lagar moteklede av mjølk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I haust er det mjølk som er på moten. Anke Domaske frå Hannover i Tyskland, har skapt oppstuss i moteverda etter å laga klede av noko dei fleste finn i kjøleskapet. Ho har laga eit stoff ho kallar QMilch, som er sett saman av mjølkefiber frå økologisk mjølk.

– Det kjennest som silke, og det luktar ikkje, fortel ho til Reuters.

Motemerket hennar, Mademoiselle Chi Chi, skal vera ein favoritt for Mischa Barton og Ashlee Simpson. Så langt er kleda hennar laga med ein kombinasjon av mjølkefiber og andre fiber. Men ho har planar om å laga klede med berre mjølkefiber – kasein.

Miljøvennleg
No høyrest det sjølvsagt miljøvennleg ut når mjølka er økologisk. Men kyr slepp ut mykje CO2, og mjølkeindustrien er rekna å stå for nær fire prosent av drivhusgassane i verda. Og å ta mat og gjera det om til klede høyrest heller ikkje så bra ut. Til saman vil det gå med kring seks liter mjølk til å laga ein kjole.

Men den tidlegare mikrobiologistudenten Anke Domaske brukar berre mjølk som ikkje er god nok til å drikka, ifølgje TreeHugger.com.

LES OGSÅ: Vi kjøper meir brukte klede

Kleda skal vera mogleg å vaska, og tekstilane skal vera så sterke at det er starta eit prosjekt for å bruka stoffet i bilsete.

Ikkje heilt nytt
Mjølkefiber blei først brukt til klede på 30-talet. I tider med avgrensa ressursar, blei mjølkefiber brukte som ei erstatning for andre måtar å laga tekstilar. Men tidlegare blei det brukt mykje meir vatn, tid og kjemikaliar for å framstilla desse tekstilane, ifølgje Ecouterre.com.

Kunne du tenkt å kle deg i mjølk?