Kunne pressa stoppa Trump?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uansett kven som strekkjer armane triumferande i veret den 8. november, vil det kome ei grundig sjølvransaking i amerikanske redaksjonar: Kor stort ansvar har pressa for at valet til den mektigaste stillinga i verda har forfalle til eit burlesk freak show?

Skulle Donald Trump vinne, mot alle odds, vil sjølvransakinga bli svært mykje mørkare: Kvifor klarte ikkje journalistikken å hindre at ein rasistisk, kvinnehatande, løgnaktig demagog vann valet? Skulle ikkje pressa vere demokratiet sine vakthundar?

Fem gonger så mykje omtale
Diskusjonen er for lengst i gang. Fleire målingar viser at Donald Trump fekk ekstrem merksemd allereie i den første fasen av valkampen, lenge før det var klart at han kom til å bli kandidat for republikanarane. Allereie i mars, åtte månader før valet, viste The New York Times at Trump hadde fått fem gonger så mykje omtale i samtlege amerikanske medium som Hillary Clinton.

Kva ville skjedd om pressa hadde handsama han som det han var og er: Ein totalt ukvalifisert sjarlatan med eit sjukeleg behov for merksemd? Kva om avisene hadde nøgd seg med å omtale han i sarkastiske sidespalter, og TV-selskapa hadde plassert han sist i sendingane, saman med dei obligatoriske innslaga om søte kattar og rare fiskar.

I staden gjorde alle det motsette. Det var Trump først, Trump i midten og Trump til slutt. På eit tidspunkt då det enno var tre andre republikanske kandidatar med i primærvalkampen, målte ei gruppe forskarar ved University of Southern California valdekkinga i 14 store nyheitsnettstader. Dei fann at Trump blei nemnd oftare enn dei fem andre dåverande kandidatane (Clinton, Sanders, Cruz, Rubio og Kasich) til saman.

Les også Are Kalvø sitt innlegg om Trump-journalistikken: Gal og dum

Journalistikken søkjer avvika
Forklaringa er like enkel som ho er deprimerande. Journalistikken søkjer avvika. Det som bryt med norma, er det mest interessante. Menneske som bryt ekstremt med normene, er ekstremt interessante. Legg til den evige og universelle fascinasjonen for sex, og alle demningar brest.

Ein presidentkandidat for partiet som forsikrar at dei kjempar for konservative og kristne verdiar, skryt av at han angrip kvinner ved å grafse dei i skrittet, og et pastillar i tilfelle han kjem til å kaste seg over ei kvinne for å tvangskysse henne. Når den eine kandidaten er så ekstrem, blir det snautt med plass til dei andre.

At Trumps sosiopatiske veremåte har klart å dominere dekkinga, er likevel berre ei side av problemet. Den andre er at det tok altfor lang tid før dei store redaksjonane innsåg at han ikkje er som andre politikarar og derfor må handsamast på ein annan måte.

Det gjekk månadar før The New York Times våga å kalle dei tallause løgnene hans for løgner. Det måtte eit 11 år gammalt opptak til før dei store redaksjonane skreiv det dei lenge hadde visst: At Donald Trump alltid har snakka om korleis han trakasserer kvinner, både seksuelt og på andre måtar («Ho er ein feit gris.» «Kven vil røyste på nokon med eit slikt ansikt?»).

Gjekk seg vill i balansen
Jeff Jarvis, som er professor i journalistikk ved City University of New York og forfattar av bestseljarar som What Would Google Do?, skriv at pressa gjekk seg vill i sitt gamle ønske om å vere balansert. I eit misforstått forsøk på å handsame dei to kandidatane likt, trekte dei Clinton ned og løfta Trump opp, slik at det såg ut som om dei var jambyrdige, at det var snakk om to kandidatar på om lag same nivå.

Uansett om fornufta eller vanvitet vinn den 8. november, er noko alvorleg øydelagd i USA. Heile det politiske systemet ser ut som eit av Trump sine konkursbu. Pressa var ikkje sterk nok, eller klok nok, til å avverje øydelegginga, som starta lenge før Trump gjorde valkampen til eit realityshow. Det står att å sjå kva ho har å bidra med i gjenoppbygginga.

Først publisert på NDLA under CC BY-SA-lisens

LES OGSÅ: Tore Renberg går ut mot Trump i ny låt