Kritisk til at kvinner ikkje slepp til som toppleiarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Synd for norsk næringsliv

Statoil, Telenor og Yara har alle fått ny toppleiar dei siste månadene, og alle valde menn.

– Det er eit stort paradoks at vi i det mest likestilte landet i verda er så dårlege på leiarnivå i næringslivet, seier Grieg til Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: Kvinner ute av toppen i ungdomspartia

Tilsettinga av Sigve Brekke som ny konsernsjef i Telenor i førre veke, fekk begeret til å renne over for den 55 år gamle skipsreiaren.

«Makan!!», utbraut ho i ei Twitter-melding.

– Eg tenkte at no hadde dei verkeleg moglegheita til å tilsetje ein kvinneleg toppleiar, seier Grieg.

– Eg synest det er synd, det er synd for norsk næringsliv, seier ho.

Ingen av dei store børsnoterte selskapa der staten er storeigar har i dag ei kvinne på toppen. I dei 50 selskapa der staten har ein eigardel på meir enn 30 prosent, er det berre fem kvinnelege toppsjefar. (©NPK)