Kritisk for sjøfugl på Vestlandet
Sjøfuglane er heilt borte i 44 av 69 reservat i Hordaland. Situasjonen er kritisk for fleire bestandar langs kysten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Berre i ein tidel av sjøfuglreservata i Hordaland er bestandane omtrent på same nivå som i 1980, går det fram av ei kartlegging Fylkesmannen i Hordaland har gjort i samband med den første forvaltingsplanen for hekkande sjøfugl i fylket.
LES OGSÅ: Fuglekikkar-paradiset Noreg
Redusert eller borte
I dei fleste av dei 69 sjøfuglreservata fylket har hatt sidan 1987, har sjøfuglbestandane enten vorte heilt borte eller er sterkt reduserte. I 44 av dei er det ikkje lenger hekkekoloniar, og 18 har hatt ein bestandsnedgang på 25– 90 prosent.
– Nedgangen er særleg dramatisk for makrellterne og raudnebbterne, to artar som høyrer naturleg til på Vestlandet. Makrellterna har no komme på den nasjonale raudlista som ein sterkt trua art, seier assisterande miljøvernsjef Stein Byrkjeland ved fylkesmannskontoret til Bergens Tidende.
I Lurefjorden i Nordhordland er nedgangen for dei to terneartane på 97 prosent på tretti år.
Manglar mat
Årsakene til nedgangen er samansette, men Byrkjeland peikar særleg på tilgangen på mat som vanskeleg for fuglane. Det er mindre fjordbrisling, sil, sildelarvar og -yngel å finne langs kysten.
– Fiskerinasjonen Noreg har ikkje alltid vore opptatt av å sikre at det skulle vere nok fisk igjen til sjøfugl og småkvalar, seier Byrkjeland.
I forvaltingsplanen er det foreslått fleire tiltak som skal betre situasjonen for sjøfuglbestandane framover. Mellom anna kan det bli aktuelt å rydde vekk kratt og småskog på ein del øyer og holmar og å trappe opp jakta på den egg- og sjøfuglelskande framandarten mink. (©NPK)