Kripos vil fjerne russeknute for medieomtale

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kripos vil fjerne russeknute

Russelåtar med kontroversielle tekstar har fått mykje merksemd dei siste åra. Så langt i år har russ frå Bergen, Askim og Tromsø fått medieomtale på grunn av songtekstar som blir oppfatta som oppmoding til seksuelle overgrep, valdtekt og drapstrugsmål, skriv NRK.

Mange stader i landet gjev denne medieomtalen knute i lua for russen som er involvert. Men Oslo-russen har droppa denne knuteregelen i år.

– Vi såg at mange gjekk ut i media berre for å seie noko. Ofte sette dette russen i eit dårleg lys. Difor fjerna vi knuten, seier Anneli Rystad Aune, som er president i hovudstyret til russen i Oslo og Akershus.

LES OGSÅ: Russen har moral. Den er berre litt annleis

Ann Kristin Grosberghaugen, som er leiar for valdtektsseksjonen i Kripos, er kritisk til fleire av russeknutane og ho meiner at mange strekkjer seg langt for å få dei.

– Nokre går kanskje så langt at dei gjer noko som er ulovleg for å få den merksemda dei ønsker, seier ho til NRK.

Mange av russelåtane og -knutane går for langt i å legitimere seksuelt aggressiv åtferd, seier ho. Så at Oslo-russen no har fjerna knuten om medieomtale, ser Kripos på som veldig positivt.

– No håper vi russen i resten av landet skal gjere det same.

LES OGSÅ: Er dette den strengaste skulen i russetida?