Krev trygg hamn for språksamlingane

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev at politikarane ryddar opp

Tidlegare har Universitetet i Oslo lagra og handsama språksamlingane. No vil ikkje dei ha oppgåva lenger, og Noregs Mållag krevjer at styresmaktene tek ansvar.

– Språksamlingane er for viktige til å verta ein kasteball mellom ulike institusjonar, skriv Mållaget på sine heimesider i dag.

LES OGSÅ: Ingen vil ha Norsk Ordbok

Uryddig
Tidlegare i år varsla UiO at dei ikkje lenger ville ha ansvar for språksamlingane, og Mållaget meiner dei kvitta seg med samlingane på ein uryddig måte. Dei understreker at samlingane er viktige, blant anna fordi det dokumenterer ordtilfanget i språket.

– Dette er avgjerande for forsking, for dei som skal forvalta språket og for alle andre som nyttar norsk i Noreg. Det er særs viktig at folket har fritt tilgjenge til språket sitt gjennom oppdaterte ordbøker som ligg opne på nett, skriv Mållaget på sine sider.

LES OGSÅ: – UiO kan ikkje avvikle språksamlingane

Dei held fram med krav til politikarane.

– Alle politiske parti har forplikta seg til ein offensiv norsk språkpolitikk. Det er på høg tid at politikarane tek tak i denne saka, og ryddar opp. Ein må syta for ei trygg forankring ved ein vitskapleg institusjon med eit fagmiljø med den rette kompetansen. Og der drifta av samlinga vert sikra økonomisk. Alt anna vil vera ei språkpolitisk falitterklæring.

Faktaboks

• UiO er vertskap for prosjektet Norsk Ordbok 2014, og sørgjer for infrastruktur, utstyr og lokale. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) i Trondheim var dei fyrste til å finansiera Ivar Aasen sitt arbeid med å dokumentera det norske folkemålet, frå 1842 til 1851.
• Når Norsk Ordbok er fullført, vil verket innehalde 300 000 ord frå nynorsk og norske dialektar (målføre).
• Verket blir på tolv band. Band 12 kjem ved årsskiftet 2014/2015.
• Dei fire første banda blei laga før dataalderen. Tekstane i desse banda er difor ikkje tilgjengelege i ordbokdatabasen.
• Nettadresse:no2014.uio.no

Kjelde: Uniforum