Krev nasjonal folkeavstemming om Oslo-OL
Oslofolk kan ikkje åleine avgjere om byen skal søkje vinter-OL i 2022, meiner Framstegspartiet, som krev ei nasjonal folkeavstemming.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Krev nasjonal OL-folkerøysting
Stortingsrepresentant Øyvind Korsberg (Frp) meiner at alle nordmenn bør få delta i ei folkeavstemming om OL fordi det vil bli brukt mykje offentlege midlar.
– Risikoen ved eit OL vil liggje hjå alle skattebetalarar i landet. Ein statsgaranti bør absolutt forankrast breitt på nasjonalt plan, og det kan berre skje ved ei folkeavstemming, seier Frp-talsmannen til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).
Korsberg, som representerer Troms fylke på Stortinget, seier at han sjølv vil stemme nei til OL i ei eventuell folkeavstemming. (©NPK)
LES OGSÅ: Nord-Noreg negativ til OL på Austlandet
Kva synest du om forslaget?